Heile folket blir invitert til å skriva ei siste helsing
Over heile landet blir det no lagt ut kondolanseprotokollar. Alle som vil, kan skriva ei helsing i samband med bortgangen til kong Harald.
– «I dag døde en del av Norge». Det sa tolvåringen min i dag, lyder ei av helsingane.
I tillegg skal det altså leggjast ut kondolanseprotokoll på rådhuset i alle kommunane i landet.
– I større kommunar kan ordføraren vurdera om det bør leggjast ut fleire stader, skriv Statsministerens kontor i ei pressemelding.
I Oslo rådhus kjem ordføraren i byen Anne Lindboe og byrådsleiar Eirik Lae Solberg til å signera protokollen laurdag morgon klokka 10.
Også i kyrkjene rundt om i landet blir det mogleg å skriva ei siste helsing. Til dømes skal Nidarosdomen i Trondheim fram mot gravferda halda kyrkja open kvar dag frå klokka 8 til 20 for dei som ønskjer å skriva noko i kondolanseprotokollen der.
Like etter det ekstraordinære statsrådet på Slottet i formiddag var statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) den første til å skriva ei helsing i protokollen på Slottet. Deretter følgde resten av regjeringa.







