Kong Harald blei fødd inn i ei heilt spesiell rolle. Han måtte flykta frå krigen som liten, venta i ni år på å få gifta seg med ho han elska, og var Noregs konge i meir enn 35 år.

Janne Nerheim
Publisert

Denne saka er skriven av søsteravisa vår Framtida Junior.

Kong Harald blei fødd på Skaugum i Asker 21. februar 1937. Foreldra hans var kronprins Olav og kronprinsesse Märtha.

Han hadde to eldre søstrer, prinsesse Ragnhild og prinsesse Astrid. Men på den tida var det berre gutar som kunne arva trona dersom kongefamilien hadde ein son. Derfor visste alle heilt frå Harald blei fødd at han truleg kom til å bli konge ein dag.

Harald var den første prinsen som blei fødd i Noreg på 567 år.

Kronprinsesse Märtha med den nyfødde prins Harald i 1937. Foto: National Library of Norway, Public domain, via Wikimedia Commons

Måtte flykta frå Noreg

Harald var berre tre år gammal då Tyskland gjekk til åtak på Noreg 9. april 1940. Angrepet blei starten på andre verdskrig i Noreg.

Kongefamilien måtte flykta. Harald reiste først til Sverige saman med mora og dei to søstrene sine. Seinare drog dei vidare til USA, der dei budde medan krigen heldt fram.

Kronprinsfamilien samla ved Pook’s Hill i Maryland, USA. Biletet er truleg frå 1942. Foto: National Archives of Norway (Riksarkivet), CC BY 4.0, via Wikimedia Commons

Faren hans, kronprins Olav, og bestefaren, kong Haakon, oppheldt seg for det meste i Storbritannia. Der arbeidde dei for eit fritt Noreg.

Harald og resten av familien kom heim igjen etter at krigen var slutt i 1945. Då var han åtte år gammal. Tusenvis av menneske møtte fram for å ønskja kongefamilien velkommen tilbake.

Kongefamilien helsar folket frå slottsbalkongen ved heimkomsten i 1945. Foto: Oslo Museum, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Mista mora som 17-åring

Harald gjekk på vanleg skule saman med andre barn. Seinare tok han utdanning ved Krigsskulen og studerte mellom anna historie, økonomi og politikk ved Universitetet i Oxford i Storbritannia.

Då Harald var 17 år, døydde mora hans, kronprinsesse Märtha, etter lang tids sjukdom.

Tre år seinare døydde bestefaren hans, kong Haakon. Faren blei då kong Olav, og den 20 år gamle Harald blei kronprins. Det betydde at han stod først i køen til å arva trona.

Glad i sjøen

Kong Harald var svært glad i idrett, og særleg i segling. Han representerte Noreg i OL tre gonger. Under sommar-OL i Tokyo i 1964 fekk han bera det norske flagget under opningsseremonien.

Harald heldt fram med å konkurrera i segling i mange år. Han blei både verdsmeister og europameister saman med mannskapa sine.

Kronprins Harald deltok på det norske OL-laget i segling. Her under prøvesegling med båten «Fram III». NTB arkivfoto / NTB

Venta ni år på Sonja

I 1959 møtte kronprins Harald Sonja Haraldsen. Dei blei forelska, men det var ikkje enkelt for dei å gifta seg.

Sonja kom ikkje frå ein kongeleg familie. På denne tida meinte mange at ein framtidig konge burde gifta seg med ei prinsesse.

Harald og Sonja måtte halda forholdet hemmeleg og venta i ni år. Til slutt gjorde Harald det klart at han ikkje ville gifta seg med nokon andre.

Kong Olav gav dei til slutt lov til å gifta seg. Bryllaupet blei halde i Oslo domkyrkje 29. august 1968. Sonja blei då kronprinsesse. Paret fekk to barn: prinsesse Märtha Louise i 1971 og kronprins Haakon i 1973.

Harald og Sonja saman på bryllaupsdagen i 1968. Foto: Jan van Deurs, Billedbladet NÅ., via Wikimedia Commons

Blei konge i 1991

Kong Olav døydde 17. januar 1991. Den same dagen blei Harald Noregs nye konge.

Han tok namnet kong Harald 5. og valde valspråket «Alt for Norge». Det same valspråket hadde både faren og bestefaren brukt.

Kong Harald og dronning Sonja blei signa i Nidarosdomen i Trondheim 23. juni 1991. Ei signing er ein høgtideleg seremoni der ein ber om at kongen og dronninga skal få styrke og hjelp til å gjera oppgåvene sine.

Noreg er eit demokrati. Det betyr at det er folket som vel politikarane som bestemmer. Kongen styrer ikkje landet, men har mange viktige oppgåver. Han opnar Stortinget, møter regjeringa og representerer Noreg både heime og i andre land.

Kong Harald og dronning Sonja kneler ved alteret i Nidarosdomen. Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Reiste rundt i heile landet

Som konge besøkte Harald alle delar av Noreg. Han møtte mellom anna barn, eldre, idrettsutøvarar, politikarar og menneske som hadde opplevd noko vanskeleg.

Fleire gonger måtte han hjelpa til med å samla og trøysta landet.
Etter terroråtaka 22. juli 2011 heldt kongen tale til eit Noreg i sorg. Han snakka om samhald og om å ta vare på kvarandre.

Kong Harald blei også kjend for å snakka om at det finst mange måtar å vera norsk på. Under ei feiring i Slottsparken i 2016 trekte han fram menneske med ulik bakgrunn, ulik tru og ulik kjærleik.

– Nordmenn er jenter som er glade i jenter, gutar som er glade i gutar, og jenter og gutar som er glade i kvarandre, sa kongen.

Talen blei lagt merke til både i Noreg og i andre land.

Konge i ei tid med store endringar

Kong Harald opplevde at både Noreg og verda forandra seg mykje.
Han blei fødd i ei tid då det ikkje fanst fjernsyn i norske heimar. Som konge måtte han seinare forholda seg til internett, sosiale medium og eit samfunn der menneske frå mange delar av verda bur saman.

Han blei også den første norske kongen som fekk ei dotter som kunne bli dronning framfor ein yngre bror. Reglane blei endra i 1990, men endringa gjaldt berre barn som blei fødde etter dette. Derfor var det framleis Haakon som var tronarving.

Kongen var oppteken av natur, miljø, idrett og av å skapa samhald mellom menneske. Han brukte ofte talane sine til å oppmoda folk om å inkludera dei som kjende seg utanfor.

Kong Harald saman med sonen Haakon og barnebarnet Ingrid Alexandra i 2016. Dei representerer tre generasjonar i den norske arverekkja. Foto: Torgrim Melhuus, TiTT Melhuus as / NDR / Det kongelege hoff

Hadde fleire helseproblem

Dei siste åra hadde kong Harald fleire helseproblem og var innlagd på sjukehus fleire gonger. Kronprins Haakon tok over oppgåvene hans i periodane då kongen var sjuk.

Likevel vende Harald fleire gonger tilbake på jobb. Han sa sjølv at han hadde gitt eit løfte om å tena landet så lenge han kunne.

Kong Harald døydde på Rikshospitalet i Oslo fredag 28. august 2026, klokka 06.35. Han blei 89 år gammal.

Då hadde han vore Noregs konge i meir enn 35 år.

Kongefamilien helsar barnetoget i Oslo frå Slottsbalkongen. Frå venstre: kronprins Haakon, prins Sverre Magnus, kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Ingrid Alexandra, dronning Sonja og kong Harald. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Kjelder: Kongehuset, Store norske leksikon og NRK.