Folket samlast på Slottsplassen: – Han har stått på og gjort alt han kan, sjølv til siste slutt

Folk i hovudstaden har samla seg på Slottsplassen for å minnest kong Harald.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg og klassen, vi drog hit for å legge ned blomar for å sørgje, seier Selma Ormåsen (14) til Framtida sin journalist.

– Og for å vise omsorg, legg klassekamerat Mila Grimmer (14) til.

Dei er to i ei veksande folkemengde på Slottsplassen fredag morgon. Det blir flagga på halv stong og folk står i kø for å leggje ned blomar framfor slottet, etter det vart kjent at Kong Harald er død.

Har ein plass i hjartet

Dei to jentene hugsar kongen best frå talane han har hatt ved nyttår og frå 17. mai.

– Vi sett veldig pris på alle dei orda Kong Harald har sagt. Det er eit minne som eg alltid vil ha med, seier Selma Ormåsen.

Då kong Harald døydde, vart kronprins Haakon automatisk ny konge. Han er no kong Haakon VIII.

– Korleis trur de det blir no som Haakon blir konge?

– Vi trur han kjem til å gjere ein veldig god jobb, og passe på Noreg akkurat slik Harald gjorde, svarar Mila Grimmer.

– Eg trur han har eit like godt hjarte som Harald, men Harald har jo ein ekstra fin plass i hjartet, legg Selma til.

Ein fin konge

Fleire skuleklasser har teke seg tid til å kome ned på Slottsplassen.

– Han var jo ein veldig fin konge, så det var det minste vi kunne gjere å møte opp her og gi blomar, seier Petter Selmer (15).

Petter trur Haakon kjem til å gjere det bra som konge, noko kameraten Fredrik Vølstad Johansen er samd i.

– Eg trur han kjem til å gjere det veldig bra. Det har vore noko mistillit med Mette-Marit, men eg trur han kjem til å klare seg veldig fint.

Stått på til siste slutt

Etter ekstraordinært statsråd, vart kongeflagget heist til topps på slottet for Kong Haakon VIII. Alle Framtida.no pratar med på Slottsplassen trur Noreg vil støtte den nye kongen.

– Eg trur det blir ein del debatt, og at mange kanskje formar litt ulike meiningar, men at det framleis vil bli ein del støtte til kongefamilien.

Det seier Eva Elvbakken (18).

Kong Harald har hatt nokre utfordrande siste år, med både kontroversar i familien, og helseplager. Elvebakken (18) synest han har stått støtt gjennom det heile.

– Det sterkaste minnet mitt av han er korleis han det siste året, sjølv om han har vore sjuk, har beroliga det norske folk, og stått på og gjort alt han kan, sjølv til siste slutt.