Slik vil KrF førebu alle unge på kriser
Nordmenn er for dårleg førebudde på kriser og krig, meiner stortingsrepresentant Jonas Andersen Sayed (KrF). No vil han heve kunnskapen til alle unge.
KrF la i vår fram eit forslag i Stortinget om eit obligatorisk beredskapskurs for alle i vernepliktig alder som ikkje tar førstegongstenesta. Førre veke kunngjorde kunnskapsministeren at eit beredskapskurs i skulen kan innførast allereie til neste år.
– Vi meiner nordmenn er for dårleg førebudde på kriser og krig. Det kan vere naturkatastrofar eller andre hendingar som legg ansvar på einskildpersonar, seier Jonas Andersen Sayed (KrF, 28), som sit på Stortinget for Rogaland.
Dei fleste nordmenn veit at ein har ansvar for eigenberedskap, mellom anna å ha mat og vatn på lager, men Sayed peikar på at berre 41 prosent av nordmenn har eit slikt lager.
– Kriser kan ramme oss – naturkatastrofar, cyberangrep, eller i ytste konsekvens krig. Klimaendringane gir oss meir ekstremvêr. Kva gjer ein når straumen går? Å gi nordmenn grunnleggande ferdigheiter er ei god investering som samfunn, seier han.
15 prosent i militæret
Sayed påpeiker at det ikkje berre er Forsvaret som står for beredskapen til Noreg, sjølv i krig. Den såkalla totalberedskapen er avhengig av også det sivile samfunnet kan stille opp i ein krisesituasjon. Dette er blant kunnskapen ein får i førstegongstenesta.
– Men no er det berre 15 prosent av kvart kull som går inn i førstegongstenesta. Det etterlèt eit stort hol, seier han.
Stortingsrepresentanten meiner eit slikt beredskapskurs bør innehalde:
- Eigenberedskap og forventingar til einskildpersonar i ei krise
- Førstehjelp
- Organisering av forsvaret
- Branntryggleik og atomtryggleik.
– I eit slikt kurs må ein dekke heile spekteret; ikkje berre førebu nordmenn på krig. Det er ein tryggleik i å vite kva som er venta av den einskilde, seier han.
God investering
Sjølv om det norske samfunnet har hol i beredskapskunnskapen, meiner Sayed at Noreg gjer mykje bra allereie. Stortinget har også nyleg vedteke ein langtidsplan for Forsvaret, som alle partia støtta. KrF forhandla fram beredskapskurset i skulen i denne planen.
– Vi styrker forsvarsbudsjettet med mange milliardar kroner, og viser at vi tar verdssituasjonen på alvor, seier han.
– Alt vi gjer handlar om å unngå det verst tenkelege – krig –, og det er ingenting som tyder på at krig er nærståande. Men det er ein risiko, og den har vorte betydeleg større dei siste åra. Det må vi vere ærlege om, seier han.
Sayed påpeiker at Noreg brukar mykje pengar på tryggleik og beredskap. Vi er forplikta gjennom Nato til å bruke 3,5 prosent av brutto nasjonalprodukt på forsvar, og 1,5 prosent på å underbygge forsvarsevna.
Eit beredskapskurs er ikkje direkte investering i forsvar, men vil bygge opp om forsvarsevna og totalberedskapen til Noreg. Det er difor ei god investering, meiner Sayed.







