Alexander Kielland Krag nye roman er både ein tankevekkar og ei trøyst. 

Sigrid Forbord Hoseth
Publisert

«Jeg skriver jeg, men kunne like gjerne skrevet oss. Det er min historie, det skjedde meg, men det skjedde også så mange andre gutter at det nesten er banalt i sin alminnelighet? Nesten alle historier jeg har hørt fra mine homofile venner, fra ekskjærester, er støpt i samme form. De vokste opp og levde variasjoner av mitt eget liv. Det skjedde oss nesten alle sammen.»

«Flink gutt»

Forfattar: Alexander Kielland Krag

Forlag: Aschehoug

Sjanger: roman

Sidetal: 243

Flink gutt er Alexander Kielland Krag si fyrste bok for vaksne. Krag har tidlegare skrive ei rekke ungdomsromanar om kjærleik, vennskap og psykiske problem. Gjennomgåande i Krag sitt forfattarskap er tematikk knytt til ungdomstid og problema som kjem med ho. Denne tematikken er òg sentral i Flink gutt.

Ein forfattar si eiga historie

Flink gutt er forteljinga om Jacob, ein vaksen og suksessfull forfattar som lever eit flott liv saman med kjærasten sin. Samstundes er livet til Jacob prega av ungdomstida hans. Då Jacob vaks opp, var homofili tabu, spesielt i miljøet han vaks opp i. Dette resulterte i ein mangel på kontakt med andre som kunne relatere til dei kjenslene og lengslane han sjølv hadde. Heilt til han oppdaga ein nettstad for homofile.

Der møter Jacob ein mann som er nesten dobbelt så gamal som han. Relasjonen mellom dei to vert i stor grad prega av sex, pikk, sæd, smerte og angst. Jacob søker anerkjenning hos den eldre mannen, men får det ikkje.

Når Jacob som vaksen, no sjølv like gamal som mannen frå fortida hans var, ser den eldre mannen igjen, verte minna frå ungdomen gjenoppliva, og byrjar å prege livet hans. Som forfattar kjenner han eit behov for å skrive om hendinga, og sine eigne opplevingar. Men korleis skal han eigentleg gjere dette, når han ikkje er heilt sikker på kva som skjedde? For kva var det eigentleg som skjedde mellom Jacob og den eldre mannen, og var det som skjedde, eigentleg greitt?

Ein svært sterk roman

Handlinga i Flink gutt er godt skildra. Som lesar kan ein spørje seg om forfattaren Jacob, hovudpersonen i romanen, er inspirert av forfattaren sjølv, altså Krag. Samstundes vert det i fleire vendingar drøfta korleis det å ha sin første seksuelle relasjon med ein eldre mann, er relativt vanleg blant homofile. Det at Krag set fokus på akkurat denne tematikken, og løftar at ein ikkje treng å vere aleine om vanskelege opplevingar, gjer romanen både til ein tankevekkar og til ei trøyst.

Nok ein gong skriv Krag ein roman som gjer både vondt, og godt å lesa. Der orda til Krag sluttar, begynner lesarens empati og forståing for andre menneske sin situasjon. Og det er først når ein oppnår dette, at ein roman har nådd målet sitt. Flink gutt gjer at ein som lesar sit igjen med ein klump i magen, men også med eit smil om munnen.

Bokomslag: Aschehoug

Ei forteljing med høgt driv

Verd å nemne er også den originale formateringa av Krag sine bøker, som Flink gutt òg ber preg av. Det er ikkje berre bruken av hopp i tid som gir romanen eit ekstra driv. Kvart kapittel er også, på det meste, berre eit par sider langt, og dei kortaste kan vere på berre ei linje. Mykje av forteljinga foregår mellom linjene. Dette gir historia driv, og gjer det vanskeleg å legge ifrå seg boka. I tillegg gjer denne utforminga av forteljinga det lettare å komme seg gjennom boka.

Dette gjer at Flink gutt er ein flott roman som i stor grad skal vere overkommeleg å lesa for alle, så lenge ein klarer å forstå samanhengen mellom linjene.

Ein fæl, men fantastisk roman

Flink gutt av Alexander Kielland Krag handlar i stor grad om sæd, pikk, kåtheit og sex. Det er ikkje ein roman for den sartaste lesaren grunna dei eksplisitte skildringane av akkurat dette. Samstundes er dette ein roman som set ein støkk i lesaren, då ein får innblikk i ein sårbar del av hovudpersonen sitt liv.

Gjennom ei fantastisk formidling og sterk historie, vert Flink gutt ein roman som kan vekke kjensler og empati, og som kan anbefalast på det sterkaste.