Tenåringars mediebruk: 72 prosent har komme over skadeleg innhald
I aldersgruppa 13 til 18 år har 72 prosent komme over skadeleg innhald på nettet, ifølgje ei ny undersøking. Samtidig opplever eit mindretal at foreldra følgjer med.
50 prosent har sett innhald om korleis ein kan bli svært tynn, 36 prosent har sett skremmande eller valdeleg innhald, og 30 prosent har sett innhald relatert til sal av narkotika, viser undersøkinga «Barn og medium 2026» frå Medietilsynet.
Samtidig veit mange korleis ein kan verne seg mot uønskt innhald. Blant tenåringane veit 91 prosent korleis dei kan rapportere innhald, medan 80 prosent har blokkert nokon.
Tydelege kjønnsforskjellar
Det er tydelege forskjellar i mediebruken mellom jenter og gutar. Undersøkinga viser at ein større del gutar enn jenter har PC og spelkonsoll, medan det er motsett for nettbrett. Jentene er i større grad enn gutane på sosiale medium, medan ein større del av gutane speler dataspel.
– Kjønnsforskjellane er gjennomgåande, og det er grunn til å spørje seg kva dette kan bety for føresetnadene til dei unge for å kunne orientere seg om samfunnet. Eit anna viktig spørsmål er om algoritmane bidreg til å forsterke kjønnsforskjellane, uttalar direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Mathias Fossum
Blant 9- til 12-åringar er YouTube og Roblox dei dominerande digitale arenaene. Ein større del bruker også meldingstenester, samanlikna med i 2024.
– Meldingsappar og spelplattformer har etter kvart mange av dei same funksjonane som sosiale medium, og dermed også tilsvarande risikofaktorar. Derfor held det ikkje å berre snakke om sosiale medium når vi diskuterer aldersgrenser og korleis dei yngste skal vernast på nett, seier Velsand.
– Foreldra slepp taket
Mediebruken blir endra etter kvart som barna blir tenåringar. Nesten alle er på sosiale medium, og den digitale kvardagen blir meir kompleks. Samtidig er dette tidspunktet der foreldra involverer seg mindre, ifølgje undersøkinga.
Berre fire av ti 13- til 15-åringar opplever at foreldra følgjer med på bruken deira av sosiale medium.
– Tenåringane bevegar seg inn i eit digitalt landskap med enorme mengder innhald og tenester, og dermed aukar også eksponeringa for ulike typar risiko. Det er eit stort paradoks at foreldra ser ut til å sleppe taket akkurat i det den digitale kvardagen blir meir omfattande og kompleks, seier Velsand.
Undersøkinga er gjennomført av Verian på oppdrag frå Medietilsynet. 1800 respondentar i alderen 9 til 18 år har delteke.






