I bokhylla: Saara Rostedt skulle ønske ho hadde skrive ACOTAR
Den finske forfattaren ville gjerne ha lese Sarah J. Maas resten av livet.
– Romantasy er definitivt favorittsjangeren min, tett etterfølgd av romantisk fiksjon. Young adult og fantasy er også veldig tett på hjartet mitt, skriv Saara Rostedt på e-post til Framtida.
Den finske forfattaren gav i 2024 ut boka Daughter of Two Bloods, som kjem på norsk i haust. Boka er den første i ein trilogi, og vert rekna som den første finske romantasy-boka.
– For meg må ei god bok ha store kjensler og vere avhengnadsskapande. Og så må eg anten elske eller hate karakterane – ikkje noko imellom, skriv Rostedt.
Romantasy er ein sjanger som har vorte særleg populær i seinare år. Sjangeren blandar romantikk og fantasy, gjerne også med spicy sex-scener, og er særleg marknadsført mot kvinner. Populære romantasy-seriar er A Court of Thorns and Roses (ACOTAR) av Sarah J. Maas og Fourth Wing/Empyrean-serien av Rebecca Yarros.
Tre bøker på éin gong
Den finske forfattaren vaks opp med barnebøker av Tove Jansson og Mauri Kunnas, Disney-klassikarar, eventyr frå H.C. Andersen og Donald Duck-blad. Som tenåring las ho The Hunger Games og Twilight-bøkene, som gjorde stort inntrykk.
Som vaksen les ho nesten kvar dag.
– I fjor las eg meir enn 70 bøker, men nokre av dei var barnebøker og teikneseriar, som naturlegvis tar kortare tid å lese.
Ho fortel at ho alltid held på med tre bøker samstundes: ei fysisk bok, ei lydbok og ei e-bok.
S. K. Rostedt
Alder: 32
Frå: Finland
Utdanning: Bachelor i business-administrasjon
Jobb: Forfattar og innhaldsskapar
Akkurat no lyttar ho til En lykkelig slutt av Anne Louise Morseth. Ho les Alchemised av SenLinYou som fysisk bok, og Rites of the Starling av Devney Perry i e-format.
– Eg les overalt. Den einaste staden eg ikkje les, er forfattarkontoret mitt, for der er eg nøydd til å vere fokusert på å skrive mine eigne bøker.
Største fan
– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?
– Alt Sarah J. Maas nokon gong har skrive. Eg forstår rett og slett ikkje kva slags magi ho strør over tastaturet sitt, for det er noko utruleg avhengnadsskapande ved forteljingane hennar. Eg trur ikkje eg nokon gong har gråte av ei bok slik som eg gret av den siste boka i Throne of Glass-serien.
Maas er mest kjent for å ha skrive TikTok-romantasy-favoritten A Court of Thorns and Roses.
– Kva karakter kjenner du deg igjen i?
– Det er noko med Sarah J. Maas sin Bryce som minner meg om meg sjølv. Den mørke humoren hennar og haldninga til livet resonnerte verkeleg med meg då eg las Crescent City for første gong.
– Viss du berre kunne lese bøker av éin forfattar resten av livet, kva forfattar ville du ha valt?
– Surprise, surprise … Sarah J. Maas. 😀
Romantisk-middag
Rostedt meiner forfattaren Sally Green er undervurdert, og særleg serien Half Bad.
– Det er ei briljant, emosjonell og avhengnadsskapande moderne hekseforteljing. Premissen og omslaget avslører ikkje nødvendigvis kor hjarteskjerande trilogien er, eller kor nøye planlagd verdsbygginga er, skriv ho.
– Kva forfattar, død eller levande, ville du invitert på middag?
– Eg må le av å svare Sarah J. Maas igjen, men absolutt henne. Eg er den største fanen hennar. Eg ville også invitert Rebecca Yarros (forfattar av Forth Wing-serien, red. mrk.), Jane Austen, Ashley Poston og Lucy Score til den same middagen. Eg møtte faktisk Lucy Score i Helsinki, og ho var hysterisk morosam!
– Filmen din skal adapterast til ein film, kven vil du ha i hovudrollene?
– Den mannlege hovudrolla ville blitt spelt av nokon som er ei blanding av Henry Cavill og Arankai, men eg har ingen aning kven som skulle spelt den kvinnelege hovudrolla, Moorna. Kanskje Lili Reinhart?








