Frå skulegarden til store scenar: – Dansegruppa betyr alt

Då Punjabi Vikings starta, ville dei vise at også jenter kunne danse bhangra. Åtte år seinare har dei stått på nokre av dei største scenene i landet og håpar å inspirere fleire til å følgje etter.

Madelen Kloster
Publisert

– Dansegruppa betyr alt, eigentleg. Eg føler det er den største delen av identiteten min, seier Sakhi Anika Kaur Mandla (20).

Musikken dundrar ut av høgtalarane utanfor Holumskogen skule i Nittedal. Mellom danseøktene går praten og latteren laust når Framtida.no møter dansegruppa Punjabi Vikings på trening.

Eit tilbod som mangla i Noreg

Eesha Kaur Mandla (24) og venninna Millie Kaur (23) starta dansegruppa Punjabi Vikings for åtte år sidan. Dei hadde sett dansegrupper som framførte tradisjonelle dansar frå Punjab i USA, Canada og Storbritannia, men sakna eit slikt miljø i Noreg.

– Vi sat her i Noreg og tenkte: «Kan vi ikkje berre prøve å starte noko eige?», seier Eesha.

Punjabi Vikings dansar både bhangra og giddha, to tradisjonelle folkedansar frå Nord-India. Men det var særleg bhangra dei ville løfte fram.

– Bhangra er ein dans som tradisjonelt blir dansa av menn. Det er ikkje ofte jenter gjer det, men vi likte dansen. Så målet vårt var å vise at jenter også kan danse bhangra.

Ho fortel at ikkje alle var like positive.

– Eg har høyrt at det er dumt at jenter skal gjere det. Dei eldre meiner at det ikkje er ein dans for damer, fortel Eesha.

Målet var Mela

Sakhi Anika Kaur Mandla (20) har vore med heilt sidan Punjabi Vikings vart starta. Då var ho berre 12 år gammal. Sidan storesøstera Eesha var med, kjendest det aldri skummelt.

I fleire år stod ho i publikum og såg artistane på Mela-festivalen, ein festival i Oslo som feirar kunst- og kulturuttrykk frå heile verda.

Ein dag ville ho stå på den same scena sjølv.

– Mela har eigentleg alltid vore målet vårt, seier Anika.

– Det er den einaste scena i Noreg som samlar så mange ulike kulturar. Å få danse der betyr veldig mykje for oss, seier Eesha.

I 2024 stod Punjabi Vikings på Mela-scena for første gong. I år er dansegruppa tilbake på festivalen for tredje gong på rad.

Frå Mela til Karpe World

Tidlegare i sommar stod Punjabi Vikings framfor tusenvis av publikummarar under Karpe World, der dei dansa saman med den indiske artisten Param.

Dhani Singh (20) hugsar godt kor nervøse dei var før dei gjekk ut på scena.

– Vi var redde for at vi ikkje kom til å bli godt tekne imot.

Men nervane forsvann raskt.

– Det var det beste vi nokon gong hadde opplevd. Å sjå at heile publikum gjorde dansestega våre, var skikkeleg gøy.

Punjabi Vikings har også hevda seg internasjonalt. I fjor vart Anika kåra til beste kvinnelege dansar under europameisterskapet i bhangra.

Sakhi Anika Kaur Mandla (20) vart kåra til beste kvinnelege dansar under europameisterskapet i bhangra i fjor. | Foto: Bhangra Cup 2025

Meir enn berre dans

Millie hadde aldri dansa før ho blei med i Punjabi Vikings. Ho fortel at gruppa har forandra mykje meir enn danseferdigheitene hennar.

– Heile personlegdommen mi har endra seg veldig mykje. Eg var mykje meir introvert før. No står vi framfor hundrevis, nokre gonger tusenvis, av menneske. Det hadde eg aldri trudd at eg skulle tørre.

Anika kjenner seg igjen.

– Eg var ei veldig sjenert jente, og no har eg stått på dei største scenene i Noreg.

– Eg trur vi alle føler oss veldig sterke. Sterke jenter som får til det vi vil, seier Eesha.