Bokmeldar Herman August Søberg meiner den nye boka til Brynjulf Jung Tjønn er stor skrivekunst.
Agnar har alltid vore annleis frå dei andre i bygda. Han har lysare stemme enn dei fleste jentene, han likar ikkje å hjelpe far å slå graset, han vil vekk frå denne staden. Men han sit fast her, akkurat som bjørka i skauen bak bøen, akkurat som mor og far.
Den kritikarroste Brynjulf Jung Tjønn har no skrive endå ein roman til hans veksande samling av verk. Blant anna har han skrive diktsamlinga Kvit, norsk mann, og romanen Kinamann.
«Bøen»
Forfattar: Brynjulf Jung Tjønn
Illustratør: Per Dybvig
Sidetal: 112
Forlag: Flamme
Boka er illustrert av Per Dybvig, som blant anna har illustrert Svein og rotta og Doktor Proktor. Han er veldig vørd i kunstverda og har vunne ei rekkje prisar som for eksempel «Årets vakreste bok» for Jegeren – en fortelling fra skogen, som han sjølv har skrive.
I denne nyaste forteljinga av Tjønn, held han fast i tematikken om annleisheit og framandgjering. Bøen handlar om å ikkje høyre til der du høyrer heime. Bøen handlar om einsemd som ligg i huda. Bøen handlar om å vere noko som ingen vil ha, men som du må vere.
«vis meg at du er ein gut»
Tidleg i boka skjønar ein at det er eit sår i forholdet mellom far og son. Noko er ikkje som det skal: Anten handlar det om latskap eller noko djupare, og som regel er det noko djupare.
Eg likar spesielt godt ei av dei fyrste sidene i boka:
«Og hjarta våre slår. Far sitt, mor sitt, og mitt.
Og far slår graset.
Kvar dag står far ute på bøen og slår graset flatt med kjærleik.
Far slår kjærleik ut av kroppen min.»
Det blir tydeleg at faren ikkje har klart å gje kjærleiken som Agnar fortener og treng. At det som skulle vore kjærleik, heller blir sinne, irritasjon, og avsky.
Agnar er ikkje som gutane på nabogardane. Han er ikkje den guten som far hans ønskte seg.
Visuell historieforteljing
Sjølv om illustrasjonane ved fyrste augekast er fargerike og ser lukkelege ut, er det berre eit lag over noko meir slimete og sørgeleg som ligg under.
Per Dybvig har verkeleg fanga noko mektig som Tjønn prøver å formidle gjennom teksta si. Den kjensla av å observere alt rundt seg medan det skjer, men ikkje få leve i det.
Illustrasjonane er rett barnlege og enkle, men alle er tomme, som om det ikkje bur nokon i dette huset eller forbi denne dalen. Nokre av dei er ikkje heilt ferdige eingong, kjennest det ut som.
Dei gjer verkeleg så mykje for boka, og utvidar lesaren sitt syn på kva bodskapen i teksta kan vere.

Meir innhald enn sidetalet tilseier
Sjølv om boka er relativt kort og tok meg lite tid å lese, synest eg at Tjønn fekk sagt masse i laupet av dei få sidene. Dette har nok noko å gjere med illustrasjonane til Dybvig, som snakkar for seg sjølv, men ikkje minst Tjønn sine umåtelege formuleringar.
Eg blei veldig imponert over kor djupt forfattaren klarte å grave i karakterane utan å beskrive kva alt betyr heilt konkret. Metaforane og ordvala gjer at lesaren får assosiasjonar som ein sjølv må tenkje over for å finne ut kva Tjønn eigentleg har meint. Det er så mykje innhald gøymd inn i formuleringane hans, og det gjer det veldig spanande å lese.
Eg synest at han var spesielt god til å knyte saman mennesket og naturen, fordi naturen er viktig for romanen. Sjå her til eksempel:
«Eg ser på dei blå blodårene tydeleg i huda hans. Som eit nett av fjordvatn, som renn gjennom kroppen hans. Den kvite, lange kroppen, som mistar musklar og feitt kvar einaste dag. Snart krympar han bort. Visnar som gras om hausten.»
Trass i at eg skulle ønskje at boka var lengre (fordi eg synest ho var skriven så godt!) var denne boka ein innertiar for meg, og eg vil absolutt anbefale den som kjenner seg annleis eller utanfor å lese ho. For ein skrivekunst!






