Sjølv kamelar blir ramma av ekstrem­varmen

Kamelar toler varme og tørke betre enn dei fleste dyr. No syner forsking at sjølv dei slit med dei ekstreme hetebølgjene i Afrika.

Madelen Kloster
Publisert

Kamelar er kjende som «ørkenen sine skip» fordi dei toler varme og tørke godt. Men no blir også desse hardføre dyra ramma av dei stadig høgare temperaturane i Afrika, skriv BBC.

Kamelgjetaren Ali Umer frå Afar-regionen i Etiopia fortel at han har mista åtte kamelkalvar den siste månaden på grunn av den ekstreme varmen.

– Dei får blemmer på føtene, auga renn, og den varme sanden brenn huda og øydelegg pelsen når dei sit, seier Umer til kringkastaren.

Han fortel at vinden, som tidlegare gav litt avkjøling, no berre fører med seg meir varme.

Veterinærar og forskarar melder om meir varmestress blant kamelar. Varmestress oppstår når dyra ikkje klarer å kjøle ned kroppen nok i den sterke varmen. Dei rapporterer òg om meir dehydrering, sjukdom og fleire dødsfall.

Forskarar ser tydeleg samanheng

Ein studie frå Sør-Etiopia, publisert i 2025, viser at høge temperaturar og klimaendringar går ut over helsa til kamelar.

I nabolandet Somalia er situasjonen endå meir alvorleg. Forsking viser at tørkerelatert kameldød rammar nesten 46 prosent av hushalda som eig kamelar.

Ekstrem varme er hovudårsaka til tørka i regionen. Samstundes blir situasjonen forverra av manglande veterinærtenester og krevjande forhold for dyrehaldet.

Hetebølgjene blir fleire

Ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) har hetebølgjer blitt vanlegare i Nord-Afrika sidan 1981. Fleire land i regionen og Midtausten målte temperaturar over 50 grader i 2024, og Nord-Afrika er den delen av Afrika som varmar opp raskast.

Ekspertar seier kamelar vanlegvis toler temperaturar opp mot 40 grader, men at varmen no er blitt så intens at også dei slit.

– Dei ekstreme hetebølgjene gjer dette historisk robuste dyret til eit offer for klimaendringane, seier professor Abdelmadjid Chehma ved Universitetet i Ghardaia i Algerie til BBC.