Achita Kaewsri skulle eigentleg berre ha ein deltidsjobb medan han studerte. Fem år seinare er han teamleiar ved Diplom-Is og er med på å produsere isklassikarar som Krone-Is og Sandwich.

Madelen Kloster
Publisert

– Eg valde eigentleg ikkje denne yrkesvegen frå starten av, skriv Achita Kaewsri i ein e-post til Framtida.no.

For fem år sidan studerte Achita Kaewsri cybersikkerheit og var på jakt etter ein deltidsjobb. Då tipsa ein venn han om at Diplom-Is trong sesongmedarbeidarar.

– Målet mitt var først og fremst å få erfaring frå arbeidslivet ved sida av studia.

Det som skulle vere ein deltidsjobb, vart starten på ein karriere på isfabrikken på Gjelleråsen. I dag er Kaewsri teamleiar.

Frå deltidsjobb til teamleiar

På fabrikken til Diplom-Is på Hagan i Nittedal går produksjonen nesten døgnet rundt. Her blir klassikarar som Krone-Is, Sandwich, Gullpinne og Lollipop produserte før dei blir sende ut til butikkar over heile landet.

Når sommarsalet skyt fart, er det Achita Kaewsri (29) og teamet hans som skal sørgje for at produksjonen held følgje.

Arbeidsdagen startar med overlevering frå nattskiftet og ein gjennomgang av produksjonen. Deretter handlar det om å følgje opp produksjonen, løyse utfordringar og sørgje for at alt går som planlagt.

Achita Kaewsri følgjer med på produksjonen av Sandwich. | Foto: Diplom-is

– Som teamleiar er ein viktig del av jobben å vere tilgjengeleg for teamet, bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre at produksjonen går som planlagt.

Når Framtida.no spør kva som er det beste med jobben, er Kaewsri ikkje i tvil.

– Det beste med jobben er arbeidsmiljøet og menneska eg jobbar med. Eg likar også at arbeidsdagane er varierte, at eg får løyse utfordringar og bidra til at teamet jobbar godt saman og når produksjonsmåla.

Meir enn berre is

Bachelor i cybersikkerheit høyrest kanskje ikkje ut som den naturlege vegen inn i isproduksjon. Men jobben handlar om langt meir enn å lage is.

– Jobben krev mykje samarbeid, problemløysing og evna til å ta raske avgjerder når noko uføresett skjer.

Utdanninga gav han eit godt grunnlag, men mykje av kompetansen han brukar som teamleiar i dag, har kome gjennom praktisk erfaring.

Ei hending han aldri gløymer

Ei hending på jobb har festa seg spesielt i minnet.

Då han skadde handa, måtte produksjonslinja stoppast. Ein kollega gav førstehjelp før han vart send til legevakta.

– Den hendinga lærte meg kor viktig det er å ta HMS på alvor og aldri ta snarvegar, sjølv om ei oppgåve verkar lita eller enkel.

Vil bli produksjonsleiar

Blikket til Achita Kaewsri er allereie retta mot neste steg i karrieren.

– Eg ønskjer å halde fram med å utvikle meg både fagleg og personleg. På sikt er målet mitt å ta på meg meir ansvar og ein dag bli produksjonsleiar.