Mystisk ape viste seg å vere ein heilt ny art
Ein mystisk ape som lenge har halde seg gøymd i regnskogen i Den demokratiske republikken Kongo, har vist seg å vere ein heilt ny art.
Den nyoppdaga apearten har oransjerosa lepper og svart ansikt, og lever høgt oppe i trekronene i den tette regnskogen i Lomami nasjonalpark i Den demokratiske republikken Kongo. Forskarane har gitt han namnet Colobus congoensis for å heidre det store naturmangfaldet i Kongo, men lokalt er han kjend som Likweli, skriv BBC.
Lokale innbyggjarar har kjent til Likweli i lang tid. Først no har forskarar stadfesta at apen er genetisk ulik andre apeartar – og dermed er ein heilt eigen art.
Den første observasjonen kom i 2008, men då fekk forskarane berre eit uklart bilete av apen. Ti år seinare vart han observert på nytt. Det sette i gang eit omfattande arbeid med foto, lydopptak og DNA-analysar.
– Det var ei fantastisk kjensle å sjå inn i ansiktet til eit dyr som så få visste fanst, seier Junior Amboko, som hadde ei sentral rolle i jakta på apearten, til avisa.
Det er berre den femte apearten som er oppdaga i Afrika dei siste 75 åra.
Forskarane meiner Likweli er sjeldan og lever i eit avgrensa område av regnskogen. Sidan apane blir jakta på for kjøtet sitt, håpar dei at den nye artsstatusen kan gi betre vern.






