Bjørn på kjøleskaptokt: Kan stå bak 14 innbrot

Ein asiatisk svartbjørn held innbyggjarane i den japanske byen Shizukuishi på tå. No trur styresmaktene at den same bjørnen kan stå bak opptil 14 innbrot dei siste to vekene.

Madelen Kloster
Publisert

Måndag kveld gjekk 87 år gamle Mitsuo Matsubara ut på kjøkkenet for å undersøkje ein lyd. Der fann han ein stor bjørn som hadde opna kjøleskapet. Mat låg spreidd utover heile golvet, og kona hans ringde politiet.

No trur styresmaktene at det er den same bjørnen som kan ha stått bak opptil 14 innbrot i den japanske byen Shizukuishi dei siste to vekene, skriv The Guardian.

– Det er uvanleg at ein bjørn bryt seg inn på den same staden fleire gonger. Det er mogleg at dette er det same dyret, så vi ønskjer å fange det så raskt som mogleg, seier bjørneekspert Shiho Chida til avisa.

Dei siste vekene har den søtsugne bjørnen mellom anna forsynt seg med kjeks og sukker frå det same huset fem gonger. På ein gard vart han filma medan han braut seg inn for å ete kraftfôr til kyr. Mens han i helga tok seg inn i eit konditori, der han stakk av med smultringar frå kjøleskapet.

No har styresmaktene sett opp feller, elektriske gjerde og patruljar for å stoppe den firbeinte innbrotstjuven.

Japan har dei siste åra opplevd rekordmange bjørneangrep. Ekspertar meiner mellom anna at færre innbyggjarar i distrikta har gjort bjørnane mindre redde for å oppsøkje hus og tettstader.