Annika Linn Verdal Homme seier at ikkje noko lesestoff set like mange kjennsler i sving som tekstmeldingar frå situationshipet.
– Eg har ikkje nødvendigvis hatt lyst til å bli teikenserieskapar, det berre blei sånn. Og no er det så klart no way back, skriv Annika Linn Verdal Homme i ein e-post til Framtida.no.
Yrkesvalet var nok ingen dum idé. I juni vann ho prisen Årets teikneserie for boka Lava. Frå før av har Homme mellom anna Kritikerprisen og Kulturdepartementet sin teikneseriepris.
Ho er også vokalist i bandet Daufødt.
Annika Linn Verdal Homme
Alder: 28
Frå: Kristiansand
Utdanning: Grafisk design & illustrasjon på Kunsthøgskolen i Oslo.
Yrke: Illustratør, tegneserieskaper og risotrykker.
Les helst samtidssosialrealisme
Homme les aller helst skjønnlitteratur eller teikneseriar som balanserer mellom humor og alvor.
– Kanskje ein kan seia samtidssosialrealisme. Eg vil heller lesa om nokon som som grin og et chips i senga enn noko som typ går gjennom ein portal og rir på drakar.
– Kva er det beste du har lese i år?
– Vanskeleg å svara på, men lite set like mykje kjennsler i sving som tekstmeldingar frå situationshipet.
– Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Samlealbum med Bamse-teikneseriar som eg låner av vennina mi, Mathilde. Ho er god på å raida gjenbruksbutikkar.

Omslag: Egmont
Homme fortel at foreldra las kvar kveld for ho og storesystera når dei var små. Det gjekk mykje i eventyra til Asbjørnsen og Moe, samt bøker av til dømes Roald Dahl og Erlend Loe.
– Noko som kanskje er sørlandet-spesifikt er at me hadde bokhylla full av bibelforteljingar, utan at familien vår var noko særleg kristne. Eg likte spesielt godt historia om Samson.
I tenåra gjorde Innsirkling av Carl Frode Tiller inntrykk.
Inviterer Aschehougs hagefest på nach
– Kva forfattar eller teikneserieskapar meiner du er undervurdert?
– Kontorkollegaen min frå Baskerland, Araiz Mesanza. Ho har gjort mest baskiske og spanske bøker fram til no, men watch out, forhåpentlegvis kjem ho ut med noko i Noreg snart.
– Kva forfattar eller teikneserieskapar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Eg vil helst ikkje bryta ned idoliseringa av nokon eg er fan av på avstand og ikkje kjenner, spesielt sidan eg sikkert må ha eit par flasker med vin på bordet. Det kan fort gå galt. Tenk om dei seier noko rasistisk etter eit par glas! Så eg køyrer safe og inviterer på nattmat-nach etter Aschehoug sin hagefest. Alle er invitert. Nørds, kjendisar, tilfeldig forbipasserande. Så mange som mogleg. Det kan umogleg gå galt.
Kan bli ein sprø film
– Kva av bøkene dine vil du helst sett filmatisert – og kven spelar hovudrollene?
– Lava kunne ha blitt ein sprø film! Det er overraskande lett å svara på dette, som jo betyr at det burde skje.
Homme har rollelista klar. Pål Sverre Hagen skal spela pappaen med siddis-dialekt. Nordlending Ingvild Holthe Bygdnes er ynskt som mammaen. Og Mia Gundersen må få seg kortklipt sveis for å spela Syden-bestemora.
– Evi må sikkert bli spelt av ein nepo-baby. Kven er elles skodespelar som tolv-åring?








