Føreslår å greie ut om landsdeponi

Opposisjonen gir regjeringa pålegg om greie ut om alternativ til sjødeponi for alle nye gruveprosjekt. Helst før gruvedrifta ved Førdefjorden startar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kravet kan også bli gjort gjeldande for Førdefjorden, men Arbeidarpartiet stretar imot.

Den brennheite diskusjonen om dumping av gruveavfall i Førdefjorden i Sogn og Fjordane tok ei overraskande vending i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget torsdag.

LES OGSÅ: – Kan bli ein langvarig strid

I siste liten fremja Senterpartiet eit forslag som slår fast at alternative deponeringsløysingar på land skal greiast ut om før avgjerda om gruvedrift i Engebøfjellet blir sett i verk.

Eit alternativ kan vere å lagre gruvemasse på land for så å føre dei tilbake i fjellet når gruvedrifta er ferdig.

Forslaget blir støtta av alle opposisjonsparti på Stortinget, med unntak av Arbeidarpartiet, som ser ut til å ville stemme imot når saka skal opp til behandling i Stortinget 2. juni. (©NPK)

LES OGSÅ: Førde-politikarar klagar sjødeponi inn for ESA