Stadig fleire blir døypte før konfirmasjon
Talet som blir døypt før dei konfirmerer seg, har auka med 83 prosent det siste tiåret. Ekspertane er usamde om årsaka.
På landsbasis vart i underkant av 1800 unge døypte før konfirmasjon i fjor, viser tal NRK har fått frå Den norske kyrkja.
Det er ein auke på 18 prosent frå året før og 83 prosent fleire enn for ti år sidan.
Ungdoms dragning mot religion kjem av at unge i dag opplever kyrkja på ein ny måte, trur professor Tomas Sundnes Drønen ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger.
– Ungdom i dag har ikkje den same berøringsangsten til kristendom som kanskje min generasjon hadde. Dei har eit meir ope sinn og har vorte oppdregne utan ein kristendom eller religion som dei oppfattar som negativ, seier han.
Undersøkingar frå Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (Kifo) viser likevel ein nedgang i religiøs tru i Noreg.
– Det store biletet er at sekulariseringa går sin gang i Noreg, men ho er kanskje i ferd med å flate ut litt eller minke litt, seier forskingsleiar Sven Thore Kloster.
Han trur i staden at auken handlar om at færre vart døypte som barn.
Likevel ser Kifo små trendar som peikar i motsett retning av sekularisering, som at fleire kyrkjer opplever at fleire melder seg inn.
– Men samla sett er det fleire som melder seg ut. Det er også færre unge vaksne som seier dei er sterkt antireligiøse no enn før, og ein auke i dei som seier «verken-eller» til religion.





