DSB sine råd til studentar: – Nokre førebuingar er mykje betre enn ingen
Studentar bur ofte trongt og har avgrensa økonomi. DSB meiner likevel at det er mogleg å førebu seg på ei krise, og kjem med konkrete råd.
Styresmaktene oppfordrar alle til å vere førebudde dersom ei krise skulle oppstå. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår at alle har ein eigenberedskap som gjer dei i stand til å klare seg sjølve i minst ei veke.
I ei sak hos Framtida peika Norsk studentorganisasjon (NSO) på at mange studentar har dårlegare føresetnader for å følgje desse råda.
Direktoratet understrekar at råda om eigenberedskap gjeld alle. Samstundes seier dei til Framtida at dei har forståing for at studentar og unge kan ha andre føresetnader for å følgje dei.
Start i det små

DSB rår alle til å lagre drikkevatn som ein del av eigenberedskapen. Foto: DSB/Ivar Kvaal
– Nokre førebuingar er mykje betre enn ingen, skriv Anders Fevik, pressevakt i DSB til Framtida.
Dei tilrår studentar å byggje opp beredskapen litt etter litt, i staden for å kjøpe alt på éin gong.
– Det kan vere lurt å leggje til nokre ekstra varer når ein først handlar, og prioritere ting ein uansett brukar i kvardagen.
Dette meiner DSB du bør prioritere først
- Drikkevatn på flasker eller kanner.
- Mat som held seg lenge og kan etast utan varmebehandling, som knekkebrød, havregryn, nøtter, energibarar og hermetikk.
- Nødvendige medisinar og hygieneartiklar
- Ein plan for korleis du kan halde varmen ved eit lengre straumbrot, spesielt om vinteren.
Kjelde: DSB.
Ikkje gløym mobilen
Mange studentar er avhengige av mobilen i kvardagen. DSB rår difor til å ha ein fulladd powerbank liggande, slik at du har straum tilgjengeleg dersom straumnettet forsvinn.
Eigenberedskap handlar om meir enn utstyr
DSB understrekar at eigenberedskap ikkje berre handlar om kva du eig.
– Det er òg nyttig å kunne grunnleggjande førstehjelp og å vite korleis du blir varsla og får informasjon dersom ei krise oppstår, skriv Fevik.
Bur du i kollektiv? Del på utstyret
DSB oppmodar kollektiv om å snakke saman om kva dei allereie har, og kva dei kan dele på. Det kan til dømes vere vatn, mat, lyskjelder, førstehjelpsutstyr og radio.
– Då slepp alle å ha alt kvar for seg, samstundes som kollektivet får ein betre samla beredskap.
Finn deg ein beredskapsvenn
For studentar som er nye i byen, meiner DSB det er lurt å bli kjend med dei ein bur saman med, naboar og medstudentar.
Dei peikar òg på at studentforeiningar, frivillige organisasjonar og idrettslag kan vere gode stader å byggje nettverk.
– Det kan vere ein fin inngang til å få fleire beredskapsvenner som kan hjelpe kvarandre dersom noko skjer, avsluttar Fevik.






