Teikneserieskapar John S. Jamtli håpar å sjå rappar Jørgen Nordeng spela Petter Dass.
– Viss eg les ein teiknserie må det visuelle vera interessant for at eg skal klara å pløya meg gjennom. Når eg les kjedeleg eller dårleg strukturert sakprosa frå krigsåra kjenner eg at dysleksien kicker inn.
Teikneserieskapar John S. Jamtli må dessverre pina seg gjennom ein del dårleg krigslitteratur. Dei prisvinnande Sabotør-bøkene, som handlar om krigshistorie, er nemleg grundig researcha.
– Det blir veldig mykje sakprosa frå andre verdskrig, skriv Jamtli i ein e-post til Framtida.no
Me har undersøkt kva anna han les.
Oppdaga dysleksi i tenåra
– I tenåra las eg lite bøker, det var kring den tida at eg oppdaga at eg hadde dysleksi. Men det blei derimot veldig mykje teikneseriar. På menyen stod det Akira, Spawn og diverse fransk-belgiske greier.
Då han var endå mindre gjekk det i Roald Dahl og Astrid Lindgren.
John S. Jamtli
Alder: 44
Frå: Helgeland
Utdanning: Tragedie
Yrke: Tegneserieskaper/ Historisk formidlar
Vil eta middag med Alan Moore
– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Eg får OCD av dette spørsmålet … haha. Det har vel ikkje noko å seia, ein hadde blitt lei uansett kven ein valde.
Jamtli er likevel fan av Akan Moore og seier at han gjerne kunne tatt jobben med å teikna V for Vendetta, som Moore har skrive manus til. Han kunne også tenkja seg Moore som middagsgjest.
– Alan Moore verkar som ein morosam skrue og ha på ein middag, men eg er usikker på kva eg ville ha servert.
Planla å bli regissør
– Kor les du?
– I senga, på dass og i godstolen.
I skrivande stund ligg The Art of Teenage Mutant Ninja Turtles: Mutant Mayhem på nattbordet til Jamtil. Den beste boka han har lese i år er Mikael Noguchi sin teikneserie-adaptasjon av Tante Ulrikkes vei.
Jamtli fortel at planen hans eigentleg var å bli regissør.
– Men eg fann fort ut at det blei for mykje kompromiss, teikneseriar var ein fin miks av bok og filmformatet.
Han kan godt førestilla seg Sabotør som ein animasjonsfilm.
– Men noko eg verkeleg vil sjå som vanleg film er DASS, då med Jørgen Nordeng frå hiphop-gruppa Tungtvann i hovudrolla.

Bokomslag: Kick-Ass Comics
DASS er ein heilt vill teikneserie som Jamtli har laga saman med Vegard A . Skogmo og ein drøs andre folk. Han er veldig laust basert på livet til barokkdiktaren og presten Petter Dass.
– Den neste teikneserien min heiter Sabotør: Kompani Linge og handlar om Churchill sitt kommandoraid langs Norskekysten under den andre verdskrigen, noko som førte til at me fekk dei fyrste norske spesialsoldatane. Arbeidet med denne har føregått i nokre år, og boka kjem tidleg i 2027.









