Tung: Ikkje aktuelt med forbod mot KI-briller
SV ønskjer eit forbod mot smartbriller som kan filme folk på gata og stranda. Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) seier at det er uaktuelt.
– Vi kan ikkje forby alt vi ikkje liker, seier digitaliseringsminister Karianne Tung til Klassekampen.
Førre veke sa SV-leiar Kirsti Bergstø at ho ønskjer eit forbod mot smartbrillene fordi ho fryktar dei kan skape eit overvakingssamfunn. SU har støtta forslaget til moderpartiet. Også Forbrukarrådet ønsker ei utgreiing av eit slikt forbod.
Skepsisen til smartbrillene dreier seg hovudsakleg om to ting. Det eine er at brillene vil bidra til ein overvakings- og snikfilmingskultur. For det andre kjem brilla til teknogiganten med personvernbekymringar knytte til databehandling og potensialet for ansiktsgjenkjenning.
– Svaret er ikkje eit forbod, men heller eit godt, teknologinøytralt regelverk, seier Tung.
– Vi har reglar eg meiner vernar oss godt, også i møte med smartbriller. Kjøper du desse brillene og misbruker dei til å utføre ulovlege eller straffbare handlingar, er det du som er ansvarleg, ikkje brillene, seier ho.
Tung peikar på at åndsverklova og straffelova allereie gir godt vern, og at KI-forordninga vil styrkje dette ytterlegare når ho blir innlemma i norsk rett, truleg i løpet av 2027.






