Unge er minst førebudde på kriser: – Fell mellom to stolar

Studentar har dårlegare føresetnader enn mange andre for å følgje beredskapsråda, meiner NSO. Dei ønskjer meir informasjon og betre løysingar, medan fleire studentsamskipnader seier dei allereie arbeider med nye tiltak.

Madelen Kloster
Publisert

Ei undersøking frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i 2025  viser at unge mellom 18 og 29 år er den aldersgruppa som er minst førebudd på kriser. Berre 40 prosent seier dei føler seg førebudde på å klare seg sjølve i ei veke.

Leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO) Eva Franko Aas meiner at dette ikkje er tilfeldig.

– Studentar er ofte ei sårbar gruppe. Mange flyttar heimanfrå for første gong og skal få plass til heile livet sitt på nokre få kvadratmeter, påpeiker Franko Aas.

Studentlivet kan gjere beredskap vanskelegare

På dette rommet på sju kvadratmeter budde NSO-leiar Eva Franko Aas. Foto: Eva Franko Aas (privat)

DSB tilrår at alle har ein «beredskapsvenn» som kan hjelpe dersom ei krise oppstår.

– Mange studentar har nettopp flytta frå familie og nære venner. Då kan det vere vanskelegare å ha nokon å støtte seg på i ein krisesituasjon, seier Aas.

DSB rår også alle til å ha eit beredskapslager.

–For studentar som bur på små hyblar eller i kollektiv, kan det vere utfordrande å få plass til dette. Eg budde sjølv på eit rom på sju kvadratmeter i kollektiv. Då hadde eg ikkje plass til eit beredskapslager, seier Franko Aas.

Også økonomien kan vere ei utfordring.

– Når ein må velje mellom å kjøpe ein vassdunk til beredskapslageret eller gå til legen, då vinn legen, seier ho.

DSB sine råd for eit beredskapslager

  • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.
  • Mat som toler lagring i romtemperatur.
  • Eit kokeapparat, stormkjøkken eller grill for matlaging.
  • Varme klede, pledd, dyner eller soveposar.
  • Fyrstikker og stearinlys.
  • Ved, eller gass- eller parafinomn berekna for innandørs bruk dersom du har behov for alternativ oppvarming.

Kjelde: sjekkliste for eigenberedskap

Peikar på fleire konkrete tiltak

NSO meiner at studentar har andre utfordringar enn mange andre innbyggjarar.

– Studentar fell litt mellom to stolar, fordi dei ikkje bur som andre folk. Difor meiner vi at studenter bør inkluderast som ei eiga gruppe i beredskapsarbeidet, seier Franko Aas.

Ho etterlyser også meir informasjon om eigenberedskap ved studiestart og betre løysingar for oppbevaring av beredskapsutstyr. Eitt konkret forslag er å kople saman studentar som «beredskapsvenner» – ei ordning som i dag ikkje finst for studentar.

Slik svarar samskipnadene

Framtida har vore i kontakt med fleire av dei største studentsamskipnadene i landet. Dei har ulike syn på kva ansvar samskipnadene bør ta.

Studentsamskipnaden i Innlandet (SINN) meiner ansvaret for eigenberedskap i hovudsak ligg hos den enkelte studenten, og opplyser at dei berre vil vurdere nye tiltak dersom myndigheitene endrar standpunkt og legg eit større ansvar over på utleigar.

Samtidig arbeider fleire andre samskipnader med nye tiltak.

Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) opplyser at dei gjennom kunnskapsnettverket Lær Vel utviklar ei beredskapshandbok for studentar saman med fleire utdanningsinstitusjonar og studentsamskipnader.

– Meir enn 80 prosent av studentane her i landet bur ikkje hos samskipnadene. Det betyr at vi må sjå om det er mogleg å leggje forholda betre til rette for dei som bur hos oss, men vi har òg eit ansvar for å påverke moglegheitene for alle studentar, skriv administrerande direktør i Sit, Morten Wolden.

Studentbolig i Elverum Foto: Studentsamskipnaden i Innlandet/Alexander Henningsen

Sit ønskjer òg å drøfte moglegheita for lagring av vatn med kommunane, men har inga slik ordning i dag.

Alle samskipnadene Framtida har vore i kontakt med peikar på informasjon og rettleiing som viktige tiltak for å styrkje studentane sin eigenberedskap. Studentsamskipnaden i Oslo viser til informasjonskampanjar dei siste åra, medan Studentsamskipnaden på Vestlandet skal delta i ei beredskapsveke ved Universitetet i Bergen til hausten.

Fleire av samskipnadene viser òg til at studentbustadene har eigne boder som kan nyttast til oppbevaring av beredskapsutstyr.

Håpar på handling

Studentleiaren håpar no at samskipnadene, utdanningsinstitusjonane og kommunane følgjer opp i praksis.

– Skal ein vere ein god studentkommune, må ein òg vere ein trygg studentkommune.