Ellie (14) har sin fyrste sommarjobb: – Det er veldig koseleg
Etterspurnaden etter sommarjobbar er heilt enorm, ifylgje iskremselskapet LICC. Ellie Træland (14) er blant dei heldige som har sikra seg jobb.
– Det beste med jobben er å servera is og snakka med folk, seier Ellie Træland (14).
Ho har livets fyrste sommarjobb som iskrem-seljar for LICC – Large Ice Cream & Coffee, som er eit selskap med mål om å sysselsetja ungdom.
Framtida.no møter Træland på jobb i iskrem-bua på Voldsløkka.
Træland forklarar at ein typisk arbeidsdag består av litt vasking, opning og stenging av bua og masse servering av iskrem. Ho synest ikkje jobben er særleg vanskeleg.
– Me har ein gamaldags telefon som me kan bruka til å ringja nokon viss det oppstår problem.
Stor etterspurnad etter jobb
For å landa jobben måtte Træland gjennom ein søknadsprosess.
– Ein sender ein søknad, svarar på nokre spørsmål og sender ein video. Og så ser dei på det og kan velja ut deg. Då får du koma på ei lita prøve der du får forsøkja deg på nokre arbeidsoppgåver. Deretter blir nokre plukka ut til jobben.
Arbeidsgjevaren hennar kan fortelja at det er stor etterspurnad etter sommarjobbar:
– Det er heilt enormt! I år hadde me 14 000 søkjarar. Behovet for fleire arbeidsplassar for ungdom, særleg dei yngste er kjempestort, skriv Hedda Høiness i LICC i ein e-post til Framtida.no.
Høiness fortel at LICC i år har tilsett 1000 ungdommar i Noreg og 200 i Sverige.
– Gje ungdom ein sjanse! Ingen er fødde med arbeidserfaring, men alle kan læra dersom nokon tør å seia ja, oppmodar Høiness.
Træland seier at ho kan tenkja seg å jobba fleire somrar.
– Det er veldig koseleg å jobba her og treffa kundar, så det kunne eg absolutt ha gjort igjen.
● Les også: Sommarjobb og frikort? Dette må du vite
– Du har rett på ein kontrakt
Når ein får seg sommarjobb for fyrste gong er det mykje å setja seg inn i.
Johanne Solheim frå Sommarpatruljen til LO meiner at det er særleg er tre ting ein bør hugsa på når ein får sin fyrste sommarjobb: Skaffa seg arbeidskontrakt, finna ut kven som er verneombod og tillitsvald og sjekka lønsslippen.

Johanne Solheim meiner at unge med sommarjobb må skaffa seg arbeidskontrakt. | Foto: Privat
– Viss du ikkje har skriftleg arbeidskontrakt, står du svakare dersom arbeidsgjevar påstår at du ikkje er tilsett for å sleppa å betala deg. Du har rett på ein kontrakt seinast sju dagar etter oppstart, skriv Solheim i ein e-post til Framtida.no.
Solheim fortel også at det er lurt å ha kontroll på rettane sine.
– Du har krav på å få vaktlister minst to veker på førehand, viss ikkje kan du takka nei til vaktene. Ein bør også vera klar over at dersom ein er under 18 år, har ein ikkje lov til å jobba meir enn åtte timar om dagen og skal ha pause etter fire og ein halv time.







