Dette går oftast feil i sommarjobben
Fleire unge går inn i arbeidslivet for første gong denne sommaren. Samtidig opplever mange mangelfull opplæring, utydelege kontraktar og lite informasjon om rettane sine, ifølgje LOs sommarpatrulje og NHO.
– Mange unge vil jobbe, bidra og få erfaring. Då er det viktig at dei også får eit godt møte med arbeidslivet, seier LOs ungdomsrådgjevar Sindre Hornnes til Nynorsk pressekontor
For mange er sommarjobben den første erfaringa med arbeidslivet. Hornnes meiner det kan gjere unge ekstra sårbare dersom noko ikkje er som det skal.
– Den første jobben betyr mykje. Mange ønskjer å gjere eit godt inntrykk, få gode referansar og bruke jobben som eit springbrett vidare. Då kan det vere vanskeleg å seie frå dersom ein opplever noko ugreitt, seier han.
Han peikar også på at mange unge ikkje kjenner rettane sine godt nok.
– Det er vanskeleg å stå opp for seg sjølv dersom du ikkje veit at noko er gale. Difor er informasjon og opplæring så viktig.
Rettar og plikter heng saman
Gjennom besøka sine ser LOs sommarpatrulje fleire tilbakevendande problem. Eitt av dei vanlegaste er at unge ikkje får informasjon om verneombod og vernetenesta på arbeidsplassen.
– Mange veit ikkje kven dei skal kontakte dersom dei opplever problem eller føler seg utrygge på jobb. Det er heilt grunnleggjande informasjon som alle arbeidstakarar skal få, seier Hornnes.
Han fortel at patruljen også finn tilfelle der unge ikkje har fått tilstrekkeleg HMS-opplæring.
– Arbeidsgivarane må sørgje for at dei tilsette veit kva dei skal gjere dersom noko skjer. Det handlar om tryggleik. Det viktigaste er at dei unge kjenner seg trygge på arbeidsplassen.
LO-rådgjevaren understrekar at både arbeidstakarar og arbeidsgivarar har ansvar.
– Rettar og plikter heng saman. Har du ein arbeidskontrakt, skal du møte opp og gjere jobben din. Men arbeidsgivaren må også respektere det som er avtalt. Dersom du blir spurd om å jobbe meir enn det som er avtalt, er det opp til deg om du vil seie ja eller nei. Det er viktig at unge kjenner den retten.
Krevjande overgang til arbeidslivet
Direktør for arbeidsliv og tariff i NHO, Nina Melsom, seier at dei aller fleste sommarvikariata går føre seg utan problem. Likevel er det mange unge som opplever overgangen til arbeidslivet som krevjande.
– Ungdom som er ute i jobb for første gong, veit ikkje alltid kva som blir forventa av dei. Då må arbeidsgivaren vere tydeleg om forventningar og sørgje for god opplæring. Her har både verksemda og leiaren eit stort ansvar, og vi ser at dei aller fleste strekkjer seg langt for å løyse dette på ein god måte.
Ifølgje Melsom er det to ting som er særleg viktige når unge skal ut i sin første jobb.
– Det viktigaste er at det ligg føre ein skriftleg arbeidskontrakt, og at sommarvikaren får skikkeleg opplæring. Gjer ein desse to tinga, er mykje gjort. Dei fleste misforståingane oppstår når forventningane ikkje er snakka godt nok om på førehand.
Ulike behov i ulike bransjar
Hornnes i LO meiner bedriftene må ta større ansvar for å sleppe unge inn i arbeidslivet.
– Mange arbeidsgivarar seier dei manglar kompetanse. Samtidig finst det mange ungdommar som ønskjer å jobbe og som kan bli kvalifiserte dersom dei får opplæring. Når unge vil bidra, må arbeidsgivarane gi dei ein sjanse.
Melsom peikar på at behovet for sommarvikarar varierer mykje mellom ulike bransjar.
– Éi av tre medlemsbedrifter planlegg å ta inn sommarvikarar i år. Mange verksemder trappar likevel ned aktiviteten i ferieperioden og har difor mindre behov for ekstra arbeidskraft.
Melsom meiner sommarjobben kan få stor betydning også på lengre sikt.
– Sommarjobben gir unge verdifull erfaring, meistring og ein fot innanfor arbeidsmarknaden. Forsking viser at dei som har hatt sommar- eller deltidsjobb som 17-åringar, tener meir og har sterkare tilknyting til arbeidslivet seinare i livet.
Arbeidstilsynet minner om at alle arbeidstakarar skal ha ein skriftleg arbeidsavtale. Avtalen skal mellom anna omtale arbeidstid, løn, pausar, eventuelle tillegg og oppseiingstid, skriv tilsynet i ei pressemelding.
For arbeidstakarar under 18 år gjeld eigne reglar. Dei kan ikkje arbeide overtid, har som hovudregel ikkje høve til nattarbeid og har krav på pause dersom arbeidsøkta varer meir enn fire og ein halv time, står det i pressemeldinga.









