Regjeringa lagar ny handlingsplan mot valdtekt
Regjeringa set i gang arbeidet med ein ny handlingsplan mot valdtekt. Planen skal leggjast fram neste sommar.
– Vi har ikkje lukkast med å førebyggje og nedkjempe valdtekt i Noreg. Bak tala ligg hendingar som rammar enkeltmenneske hardt, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) i ei pressemelding.
– Det går utover livskvaliteten og helsa, og kan gjere det vanskelegare å stole på andre og seg sjølv. Valdtekt er eit alvorleg samfunnsproblem vi må få bukt med med fleire og betre tiltak.
- Les også: SV etterlyser krafttak mot valdtekt
Éi av fem norske kvinner rapporterer å ha vorte valdteken minst éin gong i løpet av livet, og halvparten av alle valdtekter skjer mot unge jenter under 18 år, ifølgje ein studie frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.
– Det er behov for målretta tiltak for å førebyggje valdtekter. Når det likevel skjer, treng vi tiltak for å avdekkje, etterforske og straffeforfølgje gjerningspersonar og vareta utsette på best mogleg måte, seier Aas-Hansen.
Arbeidet med handlingsplanen startar rett over sommaren og skal ha brei involvering på tvers av sektorane, ifølgje Justis- og beredskapsdepartementet. Departementet vil leie arbeidet, med særleg vekt på samarbeid med sivilsamfunnet og fagmiljø.






