Lei av tankelaus KI-bruk? Humanistisk ungdom kårar årets KI-flause

Humanistisk Ungdom deler ut «Tenkekassa» for å oppmode offentlege aktørar og privatpersonar til å vere meir kritiske til eigen KI-bruk.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Vi gjer det ikkje for å seie at nokon er dumme, men for å vise fram skrekkeksempel på kva som kan gå gale, og skape eit høve for ei kulturendring.

Det seier Stein Taha Eide, nestleiaren i Humanistisk Ungdom (HU). Ungdomsorganisasjonen gjenopprettar verstingprisen «Tenkekassa», som dei vil dele ut til den aktøren som har brukt kunstig intelligens på den minst kritiske måten.

Nominasjonane kjem inn frå både medlemmer og andre engasjerte ungdommar. Både influensarar, politikarar og store bedrifter har så langt vorte nominerte, fortel Eide.

– Målet med kampanjen er å vise at kven som helst kan gjere feil, og å bruke det som eit høve til å bli betre, seier Eide.

Stort engasjement

Humanistisk Ungdom meiner det er viktig å drive slik bevisstgjering overfor unge.

– Dei KI-debattane vi har, er ofte veldig vaksne med eit tungt språk. Det utelukkar dei som bryr seg og har lyst til å lære meir, fordi det er så mykje teknisk, seier nestleiaren.

Eide fortel at medlemmene i Humanistisk Ungdom viste mykje engasjement for temaet under landsmøtet. Mange har opplevd at medelevar, lærarar eller foreldre har brukt KI på ein dum måte. Med «tenkekassa» håpar han å gi yngre ei plattform til å diskutere KI-bruk.

– Vaksne seier at unge eller skulen brukar KI på feil måte, men spør sjeldan kva dei unge tenker. Vi vil ha eit alternativ til vaksendebatten på Dagsnytt 18, seier han.

Det er ikkje første gong Humanistisk Ungdom deler ut «tenkekassa». I 2017 fekk FrP-nestor Carl I. Hagen utmerkinga for å spreie uvitskaplege haldningar om klimaendringane. Det er først i år utdelinga er retta spesifikt mot kunstig intelligens.

Ventar fleire skandalar

HU trekker fram ei rekke flaue KI-eksempel frå det siste året. Cappelen Damm publiserte – og måtte trekke tilbake – ei bok der KI openbert var brukt til å produsere tekst. Se og Hør publiserte eit KI-redigert bilete av Marius Borg Høiby. NRK publiserte eit KI-generert «lesarbilete». I Tromsø hadde kommunalt tilsette spurt Chat GPT om gode grunnar til å legge ned åtte skular, og brukt falske kjelder i rapporten.

– Dette er noko vi må unngå når det er personar vi skal ha tillit til. Viss vi held fram som no med så lite regulering, vil vi hamne i situasjonar med fleire og fleire slike skandalar, seier Eide.

Digitaliseringsministeren Karianne Tung gjekk i 2024 ut med eit mål om at 80 prosent av offentleg sektor skal bruke kunstig intelligens. Målet var å fornye og forbetre offentleg sektor ved å la KI ta over rutineprega oppgåver.

Sidan har Kunnskapsdepartementet slått fast at elevar i barneskulen i hovudsak ikkje skal bruke KI på skulen.

HU-nestleiaren påpeiker at KI-utviklinga har gått enormt fort: Frå at ingen hadde høyrt om Chat GPT eller Open AI i 2022, til at KI vert brukt i skular og i arbeidslivet. Han meiner det er behov for ein debatt om kva plass KI skal ha i samfunnet i det store biletet. Med ei så rask utvikling treng ein reguleringar raskt, meiner han.

– Det er veldig få som tenker «er dette ei god utvikling?» Skal vi tillate at dette er noko som ein brukar grenselaust, når det går utover klima, kritisk tenking og så mykje anna? spør Eide.

– Svekker evna til å tenke sjølv

Eide seier han generelt er positiv til teknologisk utvikling, og at det finst mykje positivt med kunstig intelligens, til dømes når det gjeld å oppdage beinbrot i helsesektoren, eller å unngå klimakatastrofar.

Det er særleg språkmodellar – slik som Chat GPT og Claude – han er kritisk til. Han viser til at desse modellane ikkje er i stand til å vurdere kvaliteten på informasjonen dei hentar fram – om det kjem frå ein forskingsartikkel eller ein kommentar på Reddit.

– Ein svekker eiga evne til å tenke sjølv, viss ein så ofte spør ein robot når ein er usikker. Du blir van med at det blir ein del av rutinen din, framfor å diskutere med andre eller å vurdere sjølv. Innimellom kan ein få gode svar, men viss ein lagar seg vanar med å nytte spesielle tenester, veit du ikkje kva du skal gjere når du plutseleg står utan KI på eksamen, til dømes, seier Eide.

– Ein treng ikkje lese vitskaplege rapportar kvar gong ein treng informasjon, men det er greitt å ikkje ta alt ein får rett på skjermen for gitt.

– Tenk på eigne rutinar

Avslutningsvis oppmodar Eide alle om å ha eit medvite forhold til korleis ein brukar KI-robotar.

– Det er greitt å stille spørsmål til «Chat». Men om du har som ein del av rutinen di å spør KI utan å tenke over om du får rett informasjon, eller om du heller bør bruke eit anna verktøy – det er det viktig å tenke over på eit individnivå, seier han.