Niger gjer aseksualitet ulovleg
No kan «usømmelege» og «unaturlege» handlingar føre til fengselsstraff opp til ti år i det vestafrikanske landet.
Militærjuntaen i Niger melde 12. juni at dei gjer det å vere homofil ulovleg. I tillegg blir ei rekke andre skeive identitetar ramma.
Ifølgje den nye lovteksta kan ein person straffast med fem til ti år i fengsel og bot dersom dei praktiserer «lesbiske, homofile, bifile, transkjønna, skeive, intersex eller aseksuelle (LGBTQIA+) handlingar», skriv nyheitsbyrået AP. Du kan også bli straffa for «usømmelege» og «unaturlege» handlingar.
Niger er det siste av ei rekke land som innfører strengare lover mot skeive identitetar. I Senegal vart straffa mot homofili dobla til ti år i fengsel i slutten av mars. Seinare på året fekk Ghana strengare straffar mot personar i likekjønna forhold. Det vart også ulovleg å identifisere seg som transkjønna, og folk som blir rekna som støttespelarar til det skeive miljøet, kan også bli straffa.
Uganda har hatt dødsstraff for homofile sidan 2023.
På sosiale medium stiller fleire spørsmål ved kva «intersex eller aseksuelle handlingar» betyr.
«Nøyaktig korleis skal du handheve det?» og «Skal dei arrestere babyar rett ut av livmora?» kommenterer brukarar i ein reddit-tråd.
På ein instagram-video om lova, som er sett over 40 000 gongar, er det kommentarar som «Så dei kriminaliserte å IKKJE ha sex.» og «Så katolske prestar skal også bli bøtelagt?».
Aseksuell og intersex
Å vere aseksuell tyder at du opplever lite eller inga seksuell tiltrekking eller lyst mot andre personar, ifølgje SNL.
Intersex er eit samleomgrep for personar der det ikkje går an å bestemme kjønn ved fødsel, eller der hormon, kromosom eller kjønnskjenneteikn samsvarer både med mann og kvinne.
Fram til no har det ikkje vore ulovleg med likekjønna forhold i Niger, men ifølgje AP har det vore veldig stigmatisert.
No er det ulovleg å ha sex med ein person med same kjønn i 30 av dei 54 afrikanske landa.






