Thea Emilie Maubach-Vindenes (22) er klar for å jobbe for ei meir rettferdig verd.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg ønsker å vere ein samlande og stødig leiar med mål om å spele dei rundt meg gode. I ei tid der organisasjonar som oss mistar støtte og der sakene våre blir nedprioriterte, har vi ingen å miste.

Det skriv Thea Emilie Maubach-Vindenes (22) i ein e-post til Framtida. Førre veke vart ho valt som leiar av Changemaker, ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp. Maubach-Vindenes vil ta inspirasjon frå tidlegare leiarar i ungdomsorganisasjonen.

Thea Emilie Maubach-Vindenes

Alder: 22 år

Personlege pronomen: Ho

Frå: Bergen

Yrke/utdanning: Bachelor i utviklingsstudium og berekraft

Favorittfag på skulen: Engelsk

Ulike verv: Har vore både 1. og 2. nestleiar i Changemaker, leiar av Changemaker sitt politiske utval for fred, og dessutan sentralstyremedlem og landsstyrerepresentant i Press – Redd Barna Ungdom

Medlem i: Changemaker, Spire og Press – Redd Barna Ungdom

 

– Eg føler meg veldig heldig i å ha sett og erfart fleire fantastiske leiarar på nært hald dei siste åra! Både Ragnhild Bergli og Marte Hansen Haugan som dei to føregåande Changemaker-leiarane er store føredøme for meg.

Betre bistand og skattepolitikk

På årssamlinga i vår bestemte organisasjonen seg for å prioritere FN sin skattekonvensjon, våpeneksport og «prosjekt Vendepunkt» i den neste perioden. Det sistnemnde går inn i ein større debatt for korleis den norske utviklingspolitikken skal vere.

– Dette skal vere ein samlande kampanje der tematikken er ekstremt relevant for alle våre politiske utval. Eg gler meg heilt enormt til å få samarbeidd med mange på tvers av organisasjonen for å lage ein god og engasjerande kampanje, skriv Maubach-Vindenes.

I tillegg har ho meir umiddelbare saker å gripe tak i.

– For nokre dagar sidan varsla Finansdepartementet at det endeleg vil vere offentleg høyring om land-for-land-rapportering om skatt, så vi vil jobbe hardt framover for å sikre at dette regelverket vil bli så bra som overhovudet mogleg!

Brenn for klima og fred

Engasjementet til den nye leiaren starta med klimasaka.

– Eg trur eg aldri har skjønt kvifor verda er så urettferdig som ho er, når det går an å gjere noko med det, eller skjønt kvifor politikarane ser vekk frå det som eg ser på som dei viktigaste og mest kritiske tematikkane.

Personleg vil ho alltid brenne mest for klima- og fredspolitikk. Ho synest ein streng og rettferdig våpeneksport er essensiell i ei verd med statsleiarar som Donald Trump, som trugar demokratiet. I tillegg ser ho det som heilt naudsynt med grøn omstilling for at vi skal nå måla i Parisavtalen.

– Samstundes har eg det siste året verkeleg byrja å brenne for skatt! Når vi ser bistanden blir truga i såpass stor grad som han blir i dag, meiner eg at arbeidet for ein rettferdig og god skattekonvensjon i FN, i tillegg til offentleg land-for-land-rapportering, burde vore på kvar einaste dagsorden.

Dart på puben og reality

Når ho kan, likar Thea Emilie Maubach-Vindenes å slappe av i sofaen med ein god serie saman med forloveden eller hunden, eller med eit nytt strikkeprosjekt.

Thea Emilie Maubach-Vindenes møtte forloveden sin gjennom organisasjonslivet. Foto: Åshild Slåen

– Elles er eg ikkje framand for ei runde dart på nabolagspuben!

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Det kan fort gå litt for mykje tid til skrolling og dårleg reality-TV, eg er for tida heilt hekta på Married at First Sight Australia.

Om ho kunne velje å ha kven som helst som middagsgjester, blir det Ronny Brede Aase og Live Nelvik.

– Eg vaks opp med å høyre på dei i P3-morgen, og no seinare kvart år i podkasten Julestemning. Eg trur det hadde vore skikkeleg hyggeleg å få snakka med dei om håp og engasjement!

På menyen hadde det sjølvsagt vore taco, livretten til Ronny Brede Aase.

Anten-eller: Hund eller Katt. Hyttetur eller New York. Taco Eller pizza. Svar med grønt merke ved: Hund, hyttetur og pizza.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg prøver å høyre på Politisk kvarter kvar dag på veg til jobb, i tillegg til å lese gjennom NRK, BBC News og Al Jazeera. Eg lærer òg mykje av kollegaane mine. Kvar veke går vi gjennom relevante nyheiter for arbeidet vårt.

– Du vaknar opp i morgon til draumenyheita di – kva er overskrifta?

– «Noreg innfører sluttbrukarerklæringar med re-eksportklausular på all norsk våpeneksport».

Eksport av norskproduserte våpendelar er ei av kjernesakene til Changemaker, og organisasjonen meiner Noreg har for dårleg kontroll på kvar dei endar opp.

– Kva er idealsamfunnet, og korleis skal vi nå det?

– Eg meiner idealsamfunnet er eit samfunn sterkt prega av solidaritet og rettferd, der vi klarar å sjå på verda som noko som heng saman, og at eigeninteresse blir bytt ut med ei felles interesse. Viss vi kan sjå dei store samanhengane og sikre globalt likestilt samarbeid i krisene vi står overfor, anten det er klimaendringar eller demokratisk nedgang, trur eg vi vil vere på god veg.

Tre Tips

– Kva bok burde alle lese? Kvifor?

– Alle burde lese Det mørkeste rommet av Hilde Reikrås og Ingunn Røren. Ho fortel om Operasjon Dark Room, ei etterforsking driven for å avdekke overgrep, chattar og biletdeling av barn på nett. Ei ekstremt viktig bok som skildrar heilt forferdelege hendingar.

– Kva er ditt beste serietips akkurat no?

– Utanom Married at First Sight Australia vil eg varmt anbefale Legends!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Som bergensar må eg nesten seie «Verdens beste by» av Razika. Elles er ein god kandidat Changemaker sin nye song «Har vi lurt dem alle?»!