Fire av ti unge menn meiner skeives rettar har gått for langt
– Det gir grunn til bekymring og er noko styresmaktene må vere veldig merksame på, seier direktør Kai Spurkland i NIM
Dette gjeld 40 prosent av menn i alderen 18 til 29 år, mot 17 prosent av kvinner i same aldersgruppe, viser ei undersøking Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) har gjort, og som Aftenposten omtalar.
Fire gonger så mange unge menn som unge kvinner meiner at diskriminering av skeive ikkje er eit problem i Noreg (41 mot 11 prosent).
– Undersøkinga viste det vi frykta: at det er ganske store forskjellar, særleg mellom unge menn og kvinners haldningar og oppfatningar om skeive og LHBT+-personar. Dette gir grunn til bekymring og er noko styresmaktene må vere veldig merksame på, seier direktør Kai Spurkland i NIM til avisa.
Samtidig aukar andelen som har observert hets og hatprat mot skeive. 47 prosent svarer at dei har sett dette. Det er ein auke på 7 prosentpoeng frå 2024, då undersøkinga vart gjennomført for første gong.
NIM er bekymra over at hetsen aukar.
– Vi veit at det er ein samanheng mellom haldningar, ord og handlingar. Jo fleire som gir uttrykk for hat og hets, og jo meir akseptert det er, desto større er sjansen for at nokon agerer på haldningane det blir gitt uttrykk for, seier Spurkland.






