«Størst av alt er kjærleiken»
Slik eg ser det, er det ikkje pride som skapar polarisering. Det er motstanden mot pride som gjer det, skriv Hedda Riddervold.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Denne juni er det éin ting som har blitt veldig tydeleg: Hat, kritikk og negative kommentarar mot pride.
Det blir sagt at pride er ueigna for barn, at det kan føre til forvirring, skape polarisering, utfordre biologiske fakta eller at det rett og slett er «for politisk».
Eg skjønnar faktisk ingenting.
For når byrja vi å tru at barn ikkje klarer å tenke sjølv? Barn er ofte meir inkluderande enn vaksne. Lærer dei om kjærleik og inkludering, vil dei også vise kjærleik og inkludering. Og dersom eit barn sjølv er ein del av regnbogefellesskapen (min eigen definisjon på ein som er del av LHBTQ+-miljøet), kan det å føle seg sett og akseptert bety enormt mykje. Det kan bidra til å redusere einsemd, sjølvhat, mobbing og psykiske utfordringar.
Det er vaksne som er det største problemet her. Éin ting er samtalene barna våre plukkar opp rundt middagsbordet, eller korleis dei høyrer oss vaksne snakke om andre vi er irriterte på eller ikkje likar. Éin annan ting er det faktum at vi lever i eit samfunn med ein kultur der det er kult å henge ut, latterleggjere, roaste og vere frekke. Det er vaksne sitt ansvar å vere respektfulle, for barn lærer av dei rundt seg også.
Kjærleik fører til kjærleik, hat fører til hat.
Slik eg ser det, er det ikkje pride som skapar polarisering. Det er motstanden mot pride som gjer det. Vi har gjort det same kvart år: feira kjærleiken. Likevel har nokon bestemt seg for at dette skal møtast med motstand. Det skapar frykt og hat rundt noko som i botn og grunn handlar om menneske og kjærleik.
«Om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi kan vise sammen.»
Viss du er kritisk til pride, er det ikkje ditt ansvar å «rette opp» andre sine liv. La folk leve slik dei sjølv ønsker. Berre dei ikkje plagar andre og er greie og snille, burde dei kunne gjere som dei vil. Vi treng ikkje vere einige om alt, men vi kan behandle kvarandre med respekt, venlegheit og verdigheit.
For ærleg talt: Folk må få lov til å vere seg sjølve.
Når blei kjærleik politisk?
Bibelen snakkar om tru, håp og kjærleik, men seier også at det største av alt er kjærleiken. Det er han vi burde løfte fram. Han vi burde feire. Han vi burde rope ut til verda.
I staden ser vi meir hat.
Sjølv vel eg å møte andre med kjærleik.
Kva vel du?






