Ungdomspartia om «sunn fornuft»-alliansen: – Eit parti som prioriterer kulturkrig og tullesaker
KrF vil ha med seg Senterpartiet på borgarleg side, og utelate Venstre. Senterungdommen ser ikkje for seg at dei kjem til å omfamne dei borgarlege partia.
– Dette her framstår meir som ei samanraska liste.
Det seier Omar Svendsen-Yagci, leiar i Unge Venstre, når Framtida ringer for å spørje om den føreslåtte «sunn fornuft»-alliansen til KrF-leiar Dag-Inge Ulstein.
Torsdag presenterte Ulstein kven Kristeleg Folkeparti kunne tenke seg å samarbeide med. Det inkluderte Senterpartiet, saman med Høgre og Framstegspartiet, men ikkje Venstre.
Det er ikkje eit samarbeid Svendsen-Yagci trur vil fungere. Han er heller ikkje bekymra for at Venstre blir utelatne av KrF.
– Eg tek det med knusande ro, det kjem trass alt frå eit parti som prioriterer kulturkrig og tullesaker.
Han påpeiker at Venstre også har enkeltsaker dei har funne saman med dei andre partia om, som vilkåra for private barnehagar, men det tyder ikkje at det blir eit samarbeid mellom parti med store ideologiske skilnader.
– Vi stemmer for den politikken vi er for og mot den politikken vi er mot.
Det tenker han dei andre partia også gjer.
Eit sentrumsborgarleg fleirtal?
– Unge Venstre må ta inn over seg realiteten på Stortinget.
Det skriv Ingrid Olina Hovland, leiar i KrFU, på e-post til Framtida.
– Realiteten er at KrF, Sp, Frp og Høgre dannar fleirtal i fleire viktige saker og har overkøyrd regjeringa på fleire punkt. Venstre må ta inn over seg at dei ikkje er avgjerande for fleirtal på Stortinget, og navigere deretter.
Nettopp fordi partia kan finne saman, er Hovland veldig positiv til den føreslåtte alliansen frå Ulstein.
– Vi ser at Senterpartiet blir med oss i fleire viktige saker, og vi deler nokre viktige verdiar i botn. Det legg eit godt fundament for vidare samarbeid.
Ho vedgår at det kan bli nokre utfordringar, men har trua på at dei kan klare å bli samde om fleire saker, slik dei allereie har klart.
Vil gjerne ha fleire med på Senterparti-politikk
Den største saka Senterpartiet har klart å samarbeide med dei borgarlege partia om var i mars. Då braut Senterpartiet budsjettavtalen med regjeringa for å tvinge fram kutt i avgiftene på bensin og diesel. Det er hovudsaka Nils Forren, leiar i Senterungdommen, viser til når Framtida pratar med han på telefon.
– Sunn fornuft er fint og flott og bra, og Senterungdommen er for sunn fornuft, seier han.
Leiaren i Senterungdommen påpeiker at det ikkje hadde gått utan at partia på borgarleg side endra politikken sin.
– Høgre føreslo jo i sitt alternative statsbudsjett rett før jul å auke drivstoffavgiftene, så det er veldig fint at Høgre, KrF og Frp er einige med Senterpartiet i ei sånn sunn fornuft-linje, seier han.
Skal vere eit sentrumsparti
Det betyr ikkje at ungdomspartiet vil ha eit linjeskifte i politikken til Senterpartiet og omfamne høgresida.
– Dette handlar om den nøkkelrolla Senterpartiet har på Stortinget der ein kan samarbeide begge vegar.
Og det er nokre spesifikke saker som gjer det vanskeleg å seie ja til invitasjonen.
– Ein må hugse at Høgre og Frp først og fremst er EU-ivrige marknadsliberalistar. Det er ikkje Senterpartiet. EU-venlegheita til Høgre, og den frie storkapitalistiske marknaden til Frp har openbert utfordringar for Senterpartiet sine interesser.
Samstundes er ikkje Forren tilhengjar av arbeidarpartiregjeringa.
Forren peikar spesielt på helseføretaksmodellen og forslag om samanslåing av kommunar med dårleg økonomi.
– Eg synest ikkje Arbeidarpartiet imponerer for tida, men så lenge Høgre og Frp har ideologien dei har, er det vanskeleg.








