Canada vil redusere CO2-utslepp med 30 prosent

Canada har sett seg som mål å redusere klimagassutsleppa med 30 prosent innan 2030, sett opp imot utsleppa i 2005.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftig CO2-kutt i Canada

– Målet er rettferdig og ambisiøst, meiner klimaministeren i landet, Leona Aglukkaq.

Canada har tidlegare sett seg mål om å redusere utsleppa med 17 prosent innan 2020 – eit mål landet seier dei ikkje kjem til å nå.

Canada er eitt av landa i verda med størst utslepp av CO2 per innbyggjar. Landet bidreg til rundt to prosent av utsleppa i verda, ifølgje dei canadiske styresmaktene. (©NPK)

Test deg sjølv: Klarar du den store klimaquizen?