1. juni markerte starten på pridemånaden. Her er ti bøker du kan nyte medan du ventar på paraden, eller berre er på utkikk etter eit godt stykke litteratur.

Hedda Aurdal
Publisert

Taiwan Travelogue av Yang Shuang-zi (2026)

Det er mai 1938. Aoyama Chizuko har reist frå heimen sin i Nagasaki i Japan til Taiwan. Ho er ein kjent skribent og har blitt invitert til øya av den japanske regjeringa som okkuperte Taiwan frå 1895–1945. Forfattaren er lite interessert i å ta del i den imperialistiske agendaen til landet.

Chizuko ønsker å oppleve det autentiske livet på øya. Raskt etter ho har gått i land blir ho introdusert til ei lokal jente som skal vere omsettaren hennar under opphaldet. O Chizuru er annleis frå alle andre personar Chizuko har møtt.

Alt er bra, til det ikkje er det. Chizuko må søke djupt i seg sjølv for å skjønne kva det er som skil ho frå den sprudlande, men reserverte omsettaren.

Taiwan Travelogue er ei forteljing om kjærleik mellom to kvinner utforska gjennom språk, historie og makt.

Omslag: Graywolf Press
Omslag: Bonnier Books UK

Ordinary Saints av Niamh Ni Mhaoileoin (2025)

Can you imagine it? I’d say to them. Can you imagine me there in the front row in Saint Peter’s Square? The lesbian sister of a literal saint.

Jay vaks opp i ein truande heim i Irland. No lever ho livet frå dag til dag der ho bur i London, saman med kjærasten Lindsey.

Barndommen i Irland er fortid. Men når foreldra ringjer med nyheita om at den avdøde storebroren hennar kan bli kåra til helgen, må Jay reise heim og konfrontere både familien og seg sjølv.

Ordinary Saints er ei forteljing som utforskar familieforhold, sorg, skeiv identitet og arven til den katolske kyrkja.

Bare si ja av Nora Dåsnes (2025)

Kan det freiste med ein teikneserie, framfor ei bok?

Tuva, Linnéa og Bao skal endeleg på korpstur. Linnéa har tatt ein pause frå Martin, og har planar om å få seg ein ny kjæraste på korpsleiren.

Bao vil berre spele trommer.

Tuva, derimot, vil så gjerne at Mariam skal spørje om dei skal vere kjærastar på ordentleg. Ho innser at ho må ta saka i eigne hender når spørsmålet aldri kjem, og aller helst må ho skunde seg.

For på leiren møter Mariam Amanda, og då blir Tuva usikker.

Kva er eigentleg forskjellen på ein kjæraste og ei venninne når ein er ei jente som er forelska i ei anna jente?

Omslag: Aschehoug
Omslag: Cappelen Damm

Født i rett kropp – En transmanns fortelling av Luca Dalen Espseth (2024)

Dette er ein biografi om forfattaren si eiga historie. I løpet av livet har Espseth svart på tallause spørsmål om kjønn, trans og sitt eige liv. Han har deltatt i ordskiftet rundt trans, både offentleg og privat.

Trass i at han har studiepoeng i biologi, filosofi og kjønnsteori, verkar det som svara han gir aldri er gode nok. Ofte føler Espeseth at han berre svarer for å tilfredsstille andre sine behov om svar.

No har han skrive ei bok som gir kunnskap om kjønn, strukturar og kanskje også om deg sjølv.

Boka er historia om Espseth sin veg til livet som mann, og ein tankevekkar om samfunnet vi lever i.

The safekeep av Yael van der Wouden (2024)

Det er over femten år sidan 2. verdskrig. Alt er fredeleg i den nederlandske provinsen Overijssel. Isabel bur åleine i huset som er etterlate etter mora hennar. Livet er som normalt, med orden og rutinar.

Så kjem broren til Isabel på døra med sin nye kjæraste, Eva. Han insisterer på at Eva skal bu hos Isabel medan han er på reise med jobben.

Eva og Isabel er rake motsetningar. Der Isabel held seg til rutinar og orden, søv Eva lenge, trampar i golvet og tar på ting ho ikkje burde ta på.

Isabel sitt desperate behov for kontroll glir over i ein intens fascinasjon, og ho oppdagar noko som snur alt på hovudet.

Omslag: Simon & Schuster
Omslag: Bloomsbury Publishing

A Day of Fallen Night av Samantha Shannon (2023)

Om du heller er i humør til fabelprosa i særklasse, er A Day of Fallen Night eit perfekt avbrekk frå kvardagen.

Tunuva Menim er ei søster av Klosteret. Dei siste åra har ho trent for å slåst mot monster, men ingen har komme sidan Den Namnlause. Tvil om kvifor Klosteret i det heile tatt finst spreier seg blant yngre generasjonar.

Sabran den Ambisiøse har gifta seg med den nye kongen av Hróth og redda rika deira. Dottera deira, Glorian, følger med i skuggane.

Dumai har levd livet sitt i eit seiikinesisk fjelltempel. Ho har forsøkt å vekke gudane. Så kjem nokon frå mora til Dumai si fortid for å endre skjebnen hennar.

Drakane i aust har sove i fleire hundreår, men no bryt det ut ein tidsalder med vald og terror. Det blir opptil desse kvinnene å finne styrken til å beskytte verda frå ein øydeleggande trussel.

Sunburn av Chloe Michelle Howarth (2023)

Det er tidleg på 1990-talet og i den irske landsbyen Crossmore føler Lucy seg malplassert. Trass i at ho har mange gode venner, har ho alltid følt seg annleis. Den tradisjonelle vegen til ekteskap, og å bli mor, har aldri vore noko ho har sett føre seg.

Ikkje ein gong med hennar kjærlege og kjekke barndomsvenn, Martin.

Alt begynner å gi meining ein varm sommardag. Ein gneiste med skolevenninna Susannah utviklar seg til ei forelsking.

Lucy er redd for å bli avvist av den konservative landsbyen ho bur i, men når skulegangen nærmar seg slutten må ho ta eit val mellom to personar, to stader og to framtider.

Berre ei kan gi henne ekte glede.

Omslag: Penguin Random House
Omslag: Cappelen Damm

Jeg tror du hadde likt Ulrik av Jonas Sundquist (2021)

Dette er ei bok som følger karakterar i 20-åra som prøver å finne ut av livet. Vi er i Oslo på 2010-talet og Theodor er ein ung student som prøver å finne seg til rette i livet som vaksen.

Livet akkurat no er bygd opp av kollokvium, å lære seg å like whisky og ta ein pils saman med andre studentar.

Ingen veit at Theodor er homofil. Ingen må få vite det. Det er nesten så Theodor sjølv skulle ønske at han ikkje visste det.

Så møter han Ulrik.

The House in the Cerulean Sea av T.J. Klune (2020)

Linus Baker bur åleine saman med katten og musikkplatene sine. Til vanleg jobbar han som saksbehandlar i eit departement med ansvar for magiske ungdommar.

Ein dag får han eit merkeleg oppdrag frå dei øvre sjefane i departementet. Han må reise til ein barneheim der seks farlege barn bur: ein gnom, ein drake, ein grøn klump, ein var-pomeranian og ein antikrist.

Jobben til Linus er å finne ut om dei vil øydelegge verda.

Han forventar ikkje å møte den sjarmerande og gåtefulle omsorgspersonen til barna, Arthur Parnassus. Barna ved heimen er heller ikkje som forventa.

Omslag: Macmillian Publishers
Omslag: Cappelen Damm

Hør her’a! av Gulraiz Sharif (2020)

Mahmoud er 15 år. Straks er det sommarferie. Mahmoud ser føre seg late sommardagar på ein benk utanfor blokka der han bur, saman med kompisen Arif.

Men eit plutseleg besøk frå Pakistan gjer at sommaren til Mahmoud blir annleis enn det han tenkte. Onkel ji blir overraska over alt som møter han i Noreg.

Han lurer òg på kva som er gale med Ali, veslebroren til Mahmoud som ikkje oppfører seg slik andre gutar gjer.

Sommaren byr på prøvelsar for Mahmoud, både som bror, men òg som son i ein pakistansk familie.