KI-selskap vil på børsen: – Er bekymra
OpenAI og Anthropic har levert papir til børsnotering. Kva betyr det eigentleg for vår bruk av kunstig intelligens?
– Viss eg skal vere pessimistisk, vil eg seie at det er ein god sjanse for at det å gå på børs vil føre til slutten på store investeringar i KI, skriv Marija Slavkovik, professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, på e-post til Framtida.
1. juni leverte Anthropic papir til børsnotering. Ei veke seinare gjorde OpenAI det same. Dei er to av verdas største KI-selskap.
På engelsk blir børsnotering kalla for IPO (Initial Public Offering). Det er ein prosess der offentlegheita får moglegheit til å kjøpe aksjar i eit selskap via ein børs.
Søknadane til begge selskapa er ikje offentlege, men begge treng store beløp for å kunne utvide verksemdene.
Knivar om marknaden
Det er ikkje tilfeldig at det er no KI-selskapa ønsker seg til børsen. Å drifte og trene KI-modellar er ekstremt dyrt. Dei treng straum, datasenter og GPU-ar.
GPU-ar gjer det mogleg for maskinane å gjere komplekse utrekningar og prosesseringar.
I tillegg er det stor konkurranse blant KI-selskapa om å komme seg først på børsen. Den private marknaden er ikkje lenger stor nok til å drifte utviklinga av morgondagens KI-modellar.
Selskapa slåst ikkje lenger om kven som har flest private brukarar, men om kven som får klørne i dei store bedriftskundane og tech-gigantane som Google og Microsoft først.
Selskapet som først kjem på børsen, vil definere korleis investorar skal verdsetje kunstig intelligens i tida framover.
Er bekymra
For å komme på børs må selskapa bli kommersielle. Med ein gong selskapa er på børsen, må dei svare på krav om profitt frå investorar. Det kan komme på kostnad av kvalitet for den jamne brukaren.
– Det eg er bekymra for, er at det å gå på børs på mange måtar er det første steget i «enshittification»-prosessen, skriv UiB-professor Slavkovik.
På norsk, og i denne konteksten, kan vi kalle entshittification for plattformforfall. Omgrepet kjem frå forfattaren og aktivisten Cory Doctorow. Omgrepet beskriv ifølgje Forbrukarrådet korleis internettplattformer går gjennom tre fasar i ein livssyklus.
- Tiltrekke brukarar: Selskapet utviklar eit produkt som er gratis og tilgjengeleg for alle. Slik blir vi låst til plattforma.
- Lokke til seg bedriftskundar: Selskapet viser til kor mange brukarar dei har for å lokke til seg annonsørar, butikkar og innhaldsprodusentar som òg blir avhengige av plattforma.
- Svikte alle: Til slutt endrar dei algoritmane og reglane til plattforma for å få mest mogleg pengar ut av brukarar og bedriftskundar til fordel for eigne aksjeinvestorar. Plattforma blir med det dårlegare enn ho opphavleg var.
Kva kan skje med vår bruk av KI?
Slavkovik understrekar at det ikkje er føreseieleg korleis børsmarknaden vil reagere på KI-selskapa.
– Men vi kan snakke om kva som kan bli tent pengar på utover abonnement på KI-tenester, skriv Slavkovik.
Professoren meiner at KI-selskapa på børsen kan bety at det blir sett inn sponsa innhald i svar frå språkmodellar. Det vil svekke opplevinga av tenesta som brukar, og kan bety at dataen til brukarane blir seld.
Ho kjem med eit eksempel:
– Kva type spørsmål om medisin stiller folk i Noreg til språkmodellar? Sidan folk er mykje meir «personlege» med språkmodellane enn andre typar teknologi, er det mykje informasjon å hente i desse interaksjonane.
Ho fortel at entshitification-prosessen aldri fører til meir bruk, snarare tvert imot. Prosessen svekker verdien for alle.
– Eg er likevel sikker på at bruken av KI ikkje vil forsvinne.








