Hasan Piker vart nekta innreise til Storbritannia
Venstreside-kommentatoren Hasan Piker vert skulda for «antisemittisme» for å kritisere Israel. No får han ikkje komme inn i Storbritannia.
Den amerikanske Twitch-strøymaren Hasan Piker (34) skulle delta på festivalen SXSW London, men vart nekta innreise til Storbritannia, skriv BBC.
Piker skulle delta på eit arrangement kalla How the American left learned to speak to the internet.
Det britiske innanriksdepartementet har stadfesta at Piker vart utestengd frå landet, fordi nærværet hans «kan vere ugunstig for det offentleges gode».
Kritiserer Israel
Piker er ein krass kritikar av staten Israel, og har på grunn av dette vorte møtt med skuldingar om å vere antisemittisk. Han har også ytra at Hamas er «tusen gongar betre enn Israel». Han seier sjølv at han er anti-Israel, ikkje antisemittisk, og meiner det er farleg å blande dei to. Han har også kritisert fascistiske krefter for å utpeike jødar som syndebukkar.
Cenk Uygur, frå kommentator-kanalen «The Young Turks», vart òg nekta innreise til Storbritannia. Han skriv på X at han har blitt bannlyst for å kritisere Israel.
Piker langar ut mot dei britiske styresmaktene i eit innlegg på X:
– Storbritannia har trekt tilbake visumet mitt òg. Alt på Israels vegner. Vesten sviktar «liberale verdiar» for ei folkemorderisk, fascistisk, framand regjering, skriv han.
«Hat og splitting»
David Taylor, som sit i parlamentet for Labour, er blant dei som har teke til orde for å stenge Piker ute av landet. På X uttrykker han takksemd for at dei to kommentatorane er utestengde:
– Det er ingen grunn til å opne dørene våre til dei som forsøker å spreie hat og splitting, spesielt dei som har støtta ei forboden terrorgruppe, skriv han.
Zack Polanski, leiar av Green Party, kritiserer Labour-regjeringa for å stilne kritikk av Israel. Han uttalar at det er ein farleg veg å gå.






