RU-Alexandra om kjønnsdebatten: – Ei total avsporing
Det bør ikkje vere ei politisk fanesak for noko stortingsparti å definere kva garderobe ein liten prosentdel av befolkninga skal gå i, seier RU-leiar Alexandra Joy Øhrn Fredwall (19).
– Eg synest det er veldig rart. Eg ville jo tenkt at han har betre ting å gjere med kvardagen sin.
Alexandra Joy Øhrn Fredwall (19), leiar i Raud Ungdom, kommenterer Lars Mikael Barstad Løvold, som i går uttalte i Dagbladet at «leiaren i Raud Ungdom må bli definert som mann».
FpU-leiaren seier seg einig med TikTok-profil Elias Omberg, som ifølge Dagbladet konsekvent omtaler Fredwall som mann.
Fredwall er den fyrste transpersonen som er leiar for eit ungdomsparti.
Total avsporing
FpU-leiaren seier til Dagbladet at han meiner at Fredwall bør bruke herretoalett, men at han ikkje meiner ho bør bli hetsa eller mobba.
– Eg meiner det ikkje bør vere ei politisk fanesak for noko stortingsparti å definere kva garderobe ein liten prosentdel av befolkninga skal gå i. Det meiner eg er ei total avsporing, seier Fredwall.
RU-leiaren meiner ein bør bruke tida på heilt andre saker.
– Dei tinga ein burde diskutere er jo til dømes det Israel no gjer i Libanon, den hovudlause atomvåpenavtala mellom Noreg og Frankrike, eller at ein framleis har kapitalisme, heller enn å diskutere meg som enkeltperson.
På e-post til Framtida svarar Løvold at dette ikkje var ei sak han sjølv selde inn, men noko ein journalist tok kontakt om.
Sjå heile svaret til Løvold lenger nede i saka.
Hengjer seg ikkje opp i det
Fredwall tok over som leiar av RU i april. Ho seier den fyrste tida som politikar har vore litt tung, men at det har vore veldig givande å jobbe for Raud Ungdom, og reise rundt og møte lokallaga.
– Då eg stilte til leiar for Raud Ungdom, forventa eg at folk kom til å gå for det billigaste og enklaste ein kan, som er at eg er transperson. Så det var eg førebudd på.
Ho seier ho ikkje hengjer seg opp i det FpU-leiaren no seier, eller fråsegner frå andre, som influensar Elias Omberg.
– Eg kunne eigentleg ikkje brydd meg mindre. Eg hengjer meg opp i dei over 20 drapstruslane eg har meldt til politiet, men eg har hengt meg veldig lite opp i kva folk meiner om mitt kjønn.
Pressekontakt i Politiets tryggingsteneste (PST) Eirik Veum stadfestar til Framtida.no at dei har motteke meldingar om alvorlege truslar mot Raud Ungdom-leiaren.
Tilspissa debattklima
RU-leiaren opplever debattklimaet i Noreg som veldig tilspissa og intenst.
– Internettdebattar og store influensarar som er store i kjeften, bidrar til ei aukande polarisering av debatten, heller enn å få ein reel politisk diskusjon.
Det trur ho kjem av eit ønske om å få meir merksemd til kanalen sin.
– Vi har ikkje nokon reell politisk diskusjon på TikTok for å opplyse massane. Det handlar jo om å spele på kontroversar og det ein kan for å få klikk.
For hennar del seier ho at ho heile tida må tenkje over korleis ho skal presentere seg.
– Det er jo ei litt tung oppgåve. Eg må ha veldig mange tankar i hovudet samstundes før eg seier noko. Både fordi eg er leiar i Raud Ungdom, og fordi eg er transperson.
Meiner det er ein kulturkrig

Skjervø frå AUF går hardt ut mot FpU-leiaren. Skjermdump frå Instagram.
– Det er jo veldig lett å fiske fram at eg er transperson, heller enn å faktisk snakke om politikken min og kva eg meiner.
Fredwall meiner det er å gå med på ein kulturkrig.
– Om det er bevisst eller ubevisst, det kan eg ikkje seie så mykje om. Men det er jo det det er.
Fredwall får her støtte frå AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø, som skriv på Instagram at «dette oppslaget er ikkje politikk. Det er kulturkrig og Dax18-baiting av verste sort».
– Å blusse dette opp til å vere eit så stort problem, det er jo det same Trump og MAGA-rørsla gjer i USA, meiner Fredwall.
Vil ha spalteplass
Fredwall seier små parti nyttar sterke utsegner og «brannfaklar» for å få spalteplass.
– Så eg trur jo at KrF, til dømes, har valt seg kontroversielle fanesaker som barnehageplass eller abort for å halde seg politisk relevante, no som dei ulmar rundt sperregrensa.
Fredwall fekk sjølv mykje mediemerksemd for å seie at abort i prinsippet bør vere lov inntil ei veke før fødsel, og for å seie at Nato er verdas største terrororganisasjon.
For Raud Ungdom sin del, seier ho at spalteplassen deira alltid vil bli sett på som kontroversiell.
– Eg kan jo skjønne at folk synest det er kontroversielt at eg meiner Nato er verdas største terrororganisasjon. Men det meiner eg jo, eg er jo kommunist.
Kastar ballen tilbake
Løvold i FPU er ikkje samd med at utsegnene hans har noko med MAGA-rørsla å gjere, og meiner debattklimaet i Noreg er betre enn mange andre stader.
– Samstundes har vi òg utfordringar med hat, hets og truslar på nett. Og dessutan fleire som er redde for å seie kva dei meiner i frykt for kansellering.







