Luna (15) og Emma (15) reiste over 50 mil på nattbuss for å få Suel heim

Dei vil hindre at Suel Kassembo blir kasta ut å ha budd i Noreg i over 20 år.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg prøver å få dei til å skjønne at det er lov å gjere feil og det er lov å ombestemme seg.

Det seier Luna Remøy (15) til Framtida.no under ein demonstrasjon for Suel Kassembo framfor Stortinget fredag.

Ho har reist med nattbussen saman med resten av klassa frå Herøy i Møre og Romsdal. Målet er å få politikarane på Stortinget til å hjelpe Suel Kassembo, som fram til onsdag budde i kyrkjeasyl på øya.

Luna Remøy (15) vart kjend med kyrkjeasylanten Suel Kassembo i konfirmasjonstida. | Foto: Åshild Slåen
Suel Kassembo har gjort stort inntrykk på Emma Smådal. | Foto: Åshild Slåen

Klassekameraten Emma Smådal (15) stemmer i med ein bodskap til politikarane:

– Eg vil at dei skal bruke makta dei har til å la han bli her heime i Noreg.

Politiet gjekk inn i kyrkja

Onsdag henta politiet ut Suel Kassembo frå kyrkjeasyl. Kassembo kom til Noreg i 2005, og har ifølgje Utlendingsnemnda (UNE) hatt ulovleg opphald i Noreg sidan han fekk avslag på asylsøknaden sin i 2007, skriv NRK. Han fekk avslag på anken sin frå Høgsterett i januar 2025, og i juni nekta den Europeiske Menneskerettsdomstolen å behandle saka hans.

Kassembo har dei siste åra vore den einaste kyrkjeasylanten i Noreg.

Då politiet i 2023 fekk løyve til å hente ut folk i kyrkjeasyl, gjorde regjeringa i 2023 eit enkeltvedtak som gav ei løysing for dei som hadde vore i kyrkjeasyl i meir enn fem år fekk lov til å bli.

Ulovleg i Noreg

Demonstrantane framfor Stortinget håpar å legge press på politikarane, slik at dei kan få til ei liknande løysing for Kassembo.

Kva er kyrkjeasyl?

Kyrkjeasyl er når ei kyrkje fungerer som fristad for forfølgde, og sidan 90-talet har fleire som har fått avslag på asylsøknaden sin brukt ordninga.

Dette er ikkje ei offisiell statleg ordning, og sidan 2023 har politiet hatt moglegheit til å gå fysisk inn i kyrkjer og hente ut personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg.

 

Han hevdar at han er i livsfare dersom han blir sendt tilbake til Burundi. Der seier han systera og foreldra vart drepne like før han reiste ut av landet som 16-åring. Staten har ikkje trudd på forklaringa og alderen til Kassembo, og legg til grunn at han ikkje vil vere i fare i Burundi.

Einingsleiar Hanne Bjerkan Johansen i UNE seier i ein e-post til NRK at saka har vore grundig behandla i forvaltinga og prøvd i domstolane.

– Kvar gong har konklusjonen vore den same: Han har ikkje krav på vern. Heilt sidan han fekk endeleg avslag i 2007 har han hatt ei sjølvstendig plikt til å forlate Noreg.

– Vårt syn har heile tida vore at Kassembo ikkje treng vern, og at våre vedtak i denne saka er i tråd med norske reglar og Noregs menneskerettslege forpliktingar, skriv ho.

Blitt kjend i konfirmanttida

Det er menneska i gruppa «Rettferd for Suel» usamde med, som er grunnen til at mange av dei møtte opp framfor Stortinget i dag. Fleire heldt appell, inkludert politikarar, ein prest og ein biskop, og tiandeklasseelevane.

Luna Remøy kan fortelje at Kassembo er godt likt i lokalsamfunnet, og ho vart sjølv glad i han under konfirmasjonen i fjor då han framleis budde i kyrkja.

– Då var han og hjelpte med å steike vaflar og var ilag med oss ungdommane, fortel ho.

Det er noko av grunnen til at fleire av tiandeklassingane no stiller opp i Oslo.

– Han er ein kjempehyggeleg fyr som vi treng i samfunnet, seier Remøy.

Venninna Emma Smådal har ikkje møtt Kassembo, men fortel at han likevel har gjort sterkt inntrykk på ho.

– Han er ein person som verkeleg har bidratt på heimplassen vår, og han er ein person som verkeleg høyrer heime her.