Slik blir Eid al-Adha markert kringom verda
26. og 27. mai feira muslimar over heile verda Eid al-Adha. Dette er ei av dei viktigaste høgtidene i islam.
Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
Eid al-Adha er ei muslimsk høgtid som handlar om å vise omsorg og dele med andre. Høgtida blir markert med bøn, tid med familie og vennar, god mat, fine klede, og ein gir gjerne gåver eller pengar til dei fattige.
Eid al-Adha blir også kalla offerfesten. Det er fordi høgtida blir feira til minne om profeten Ibrahim som ifølgje Koranen var villig til å ofre sin eigen son.
Å ofre betyr å gi opp noko, for å gjere det som er riktig. Å ofre i denne samanhengen, betydde at Ibrahim måtte drepe son sin for å vise at han stolte på Gud. Då Ibrahim skulle ofre sonen, gav Gud han ein sau som skulle ofrast i staden.
Derfor er ofring også ein viktig del av Eid al-Adha-feiringa i dag. Nokre truande vel å markere høgtida med å ofre eit dyr, som til dømes ein sau eller ei geit. Kjøtet frå dyret blir gjerne delt med familie, vennar og menneske som treng mat.
Slik blei Eid al-Adha feira i år:
To gutar i Malaysia helsa på ei ku før ho skulle ofrast under Eid al-Adha.
I Jemen var det mange som pakka bilane sine fulle og reiste til byen Taiz for å markere Eid al-Adha.
Ein russisk gut deltek på Eid al-Adha-feiring i den russiske hovudstaden Moskva.
Ein familie i Kongo køyrde samla på ein motorsykkel for å delta i bøn under ei Eid al-Adha-feiring. Familien brukar masker fordi det for tida er ebolautbrot i Kongo.
Muslimske kvinner og jenter ber morgonbøn under Eid al-Adha-feiringa i Indonesia.
Eit speidarband spelar i gatene i Ramallah før Eid al-Adha-feiringa. Ramallah er ein by på Vestbreidda i Palestina.
Ei jente i Libanon feirar Eid al-Adha med ballongar etter at ho og familien har delteke i bøn.












