Rapport: Mange norske jødar skjuler identiteten sin

Antisemittismen aukar i Noreg, og det fører til at mange jødar skjuler identiteten sin, ifølgje ein fersk rapport.

NPK-NTB
Publisert

– Me var kjende med at antisemittismen i Noreg har vorte sterkare i tida etter 7. oktober 2023. No har me fått dokumentert korleis jødane sjølv opplever situasjonen. Det er viktig kunnskap for oss, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding.

Det er Senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetar som står bak rapporten «Jødisk liv og antisemittisme i Norge». Den er ei oppfølging av handlingsplanen mot antisemittisme.

I rapporten kjem det fram at mange jødar skjuler identiteten sin. Dermed blir ein allereie svært liten norsk minoritet endå mindre synleg.

– Eit gjennomgåande funn er at mange opplever ei tydeleg forskyving i kva som blir rekna som sosialt akseptabelt å seia og meina om jødar. Fleire beskriv dette som ei normalisering av jødefiendtlege haldningar, heiter det i rapporten.

Jødiske skulebarn er spesielt sårbare, og foreldre fortel at barna opplever ulike former for ekskludering i klasserom og i skulegarden.

Det bekymrar Skjæran.

– Me har alle ansvar å motverka antisemittisme. Dette er eit samfunnsansvar, seier han.