Stod opp mot klesforbod: – Dårleg av rektor
Jenter i 8.- og 9. klasse ved Nordkjosbotn skole fekk beskjed om å ikkje bruke singlet. Dagen etter møtte jentene opp med ein tydeleg beskjed.
– Det var veldig rart, og det er ikkje greitt, seier Sofie Skogeng (14) på telefon til Framtida.no.
Ho var blant jentene som fekk beskjed av skulen om at det plutseleg ikkje var lov å gå med singlet. I ein SMS rektor sende til foreldra, stod det at jenter som går i singlet, blir oppfatta som «utfordrande kledde».
Sjølv meiner Skogeng at rektor si grunngiving var for svak.
– At rektor skreiv at singlet kan bli seksuelt oppmuntrande synest eg ikkje er greitt på ein ungdomsskule. Vi blei sinte.
Ikkje vore eit problem
Skogeng fortel vidare at gutane ved skulen aldri har fått beskjed om kva dei kan ha, eller ikkje ha på seg. Ho kjenner ikkje til at dei har vore ufine med jentene.
– Gutane syntest sjølv at det var ekkelt å bli sette i det lyset. Det var dårleg av rektor å gjere det, seier Skogeng.
Etter meldinga blei sendt til foreldra, tok jentene gutane i forsvar. Dei meiner at det aldri har vore eit problem på skulen med krenkande kommentarar, slik det blir skildra i meldinga frå rektor.
Beklaga
Det var jentene på 8.- og 9. trinn som ringde Nordlys og meldte frå om beskjeden frå rektor.
Dagen etter meldinga blei kjend, møtte jentene opp i singlet utanfor skulen for å protestere.
Etter medieomtale og ein e-post frå foreldra har rektor no beklaga.
– Ho sa at viss det er greitt for foreldra at vi går med singlet, så er det greitt for skulen, seier Skogeng.
Framtida.no har prøvd å få ein kommentar frå rektor ved Nordkjosbotn skole, men har ikkje fått svar.
Viktig tema
Skogeng er nøgd med kor mykje mediemerksemd dei har fått. Ho trudde ikkje saka kom til å bli så stor.
– Det har vore litt stas med merksemda, og det er bra at avisene plukka ho opp. Dette er jo eit viktig tema.







