Cecilie (26) reiser 1150 km for å sjå BTS

Dei aller største artistane droppar Noreg. Det kan bli dyrt for dei som må reise til utlandet for å sjå favorittane sine opptre.

Hedda Aurdal
Publisert

– Eg begynte å høyre på musikken deira i 2017, og så vart eg ein ordentleg fan av dei to år seinare, fortel Cecilie Fredheim (26) på telefon til Framtida.

I juni kjem BTS til Europa for første gong sidan 2019. Dei fer nord, sør, aust og vest i verda, på det som er deira sjette verdsturné, Arirang World Tour. Turnéen har 85 planlagde stopp og starta 9. april i Goyang i Sør-Korea. Han skal vare fram til 14. april 2027 og blir avslutta i Bulacan på Filippinane. 

Innan turnéen er ferdig, vil BTS ha vore i fleire byar i Nord- og Sør-Amerika, Europa, Asia og Oseania, men dei kjem ikkje til Noreg. Dei kjem ikkje til Skandinavia i det heile tatt. 

– Eg reiser til London for å sjå dei. Det har eg gjord tidlegare òg, då eg skulle sjå Stray Kids opptre, seier Fredheim.

Har halde på i 13 år

BTS begynte å opptre som ei gruppe i 2013, og har sidan den gong samla fleire millionar fans. Gruppa har blitt nominert til fleire Grammy-prisar, og vann for litt sidan den gjævaste prisen frå American Music Awards: Artist of the year 2026.

I Sør-Korea er det obligatorisk førstegongsteneste for alle menn. Dei kan melde seg tidlegast når dei er 18, og seinast når dei er 28.

 

Kven er BTS?

BTS (Bangtan Sonyeondan) er eit Sør-Koreansk band med 7 medlemmer:

  • RM (Kim Nam Joon)
  • Jin (Kim Seok Jin)
  • SUGA (Min Yoon Gi)
  • j-hope (Jung Ho Seok
  • Jimin (Park Ji Min)
  • V (Kim Tae Hyung)
  • Jung Kook (Jeon Jung Kook)

Frå desember 2022 til juni 2025 gjennomførte alle medlemmene av BTS førstegongstenesta. Dermed var det stopp i gruppeframføringar i den perioden.

20. mars 2026 sleppte BTS sitt nyaste album, og det blei annonsert at dei skulle på verdsturné. Han vart utseld med ein gong.

Null sjanse

I år kjem BTS til Madrid, Brussel, London, München og Paris i Europa.

– Til saman har eg kanskje brukt 5000 kroner på hotell og flybillettar, og så var konsertbillettane rundt 2000 kroner kvar, fortel Fredheim.

Ho skjønner kvifor BTS droppar Skandinavia, då K-Pop ikkje er like populært her som andre stadar. I tillegg er det tydeleg at bandet er for stort for Noreg.

– Dei selde ut Tottenham Hotspur Stadium i London på nokre minuttar, seier Fredheim.

Stadionen det er snakk om har ein kapasitet på over 62 000 personar. I Noreg er det Unity Arena som er størst, med høve til å ta imot 25 000 folk.

Berre for dei med god økonomi

Dagleg leiar i Live Nation, Martin Nielsen, meiner at når dei største artistane hoppar over Noreg, blir konsekvensane at musikkopplevingar i praksis blir mindre tilgjengelege.

– For mange fans handlar det ikkje berre om billettprisen, men fly, hotell og fleire dagar med reising. Då blir konsertar noko som først og fremst dei med god økonomi får høve til å oppleve, skriv Nielsen på e-post til Framtida.

Leiaren meiner det kan skape eit kulturelt utanforskap der norske fans hamnar langt borte frå dei største internasjonale augeblikka innan live-underhaldning.

Hamnar utanfor

Nielsen skriv vidare at Noreg taper både økonomisk og kulturelt på å ikkje ha ein moderne arena som er stor nok til å ta imot dei største stjernene.

– Når artistar vel Stockholm, København eller Helsingfors forsvinn store inntekter kopla til turisme, hotell, restaurantar, transport og handel. Eitt stadion-event kan skape store ringverknader for ein stad og næringslivet.

I tillegg meiner Nielsen at mangelen på store arenaer påverkar Noreg sin posisjon som kulturnasjon.

– Dei største konsertane er ikkje berre underhaldning, men internasjonale kulturhendingar som skaper attraktivitet, synlegheit og stoltheit kring ein stad. I dag risikerer Noreg å hamne utanfor det nordiske turnékartet for dei aller største artistane.

Store artistar som Taylor Swift og Bad Bunny vel ofte Sverige framfor Noreg. Her frå Taylor Swift sin konsert i Stockholm i 2024. | Foto: Christine Olsson / TT / NTB

Vil gjere kulturevent tilgjengeleg for alle

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) skriv på e-post til Framtida at det er viktig for Arbeidarparti-regjeringa å leggje til rette for at kultur av høg kvalitet er tilgjengeleg for alle, uavhengig av bakgrunn og storleiken på lommeboka.

– Vi ønskjer at store arrangement og konsertar kjem til Noreg, og blir tilgjengelege for fleire. Det kan både bidra til gode kulturopplevingar for folk, og kan gje økonomiske ringverknader for det omkringliggjande næringslivet.

Ho fortel at regjeringa brukar over ein milliard av spelemidlane til kulturføremål, som å utvikle og vidareutvikle kulturarenaer i heile landet, og løyver 3,5 milliardar i årets statsbudsjett til musikk- og scenekunstinstitusjonar over heile landet.

– Så er det slik at eventuelle initiativ til etablering av nye, større og kommersielle konsertarenaer må komme frå næringslivet sjølv, ikkje frå departementet.

Cecilie Fredheim har fått mange vener ved å vere K-pop-fan. | Privat

Som ein ferie

Fredheim synest det er kjipt at ein alltid må reise for å sjå dei største artistane. I tillegg kjem BTS til Europa midt i fellesferien i år.

– Det er jo den dyraste tida å fly på, så det gjer det ikkje noko lettare.

Likevel påpeiker Fredheim det finst det mange moglegheiter til å gjere konserten til ein ferietur, at sidan turnéen er i Sentral- og Sør-Europa.

– For meg er denne turen min ferie i år, seier ho.

Verdt det

Då Fredheim drog for å sjå Stray Kids på ein musikkfestival i London i 2024, drog ho åleine. Der blei ho tatt imot med opne armar av andre fans.

– Det var heilt fantastisk å vere der. Du får ikkje same stemning på den måten i Noreg, seier Fredheim.

Mange av dei ho møtte på Stray Kids-konserten då, er ho framleis venn med i dag. Fredheim fortel at ho tidlegare har slite med å finne plassen sin i sosiale samkommer, men at BTS og K-Pop generelt har vore med å skape venskap og samhald for livet.

– I gjengen eg møtte i 2024 var ho yngste 13 og ho eldste 62, også var vi alle aldrar imellom. Alle er velkomne! Eg reiser åleine frå Noreg til London, men skal møte mange av dei same for konserten.

Fredheim fortel om ei vill stemning inne i arenaen med fans som minglar, syng og dansar saman. BTS og andre K-Pop-grupper har heller ingen som går på scenen før dei. Hele tida går til dei og fansen.

– Det er fleire timar med fullt køyr og god stemning. Det er absolutt verdt det!