BTS gjer comeback i 2026
K-pop-gruppa er klar til å erobre verda på nytt.
Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.
20. mars slepp BTS eit nytt album. Det melde byrået deira BigHit Music 1. januar, skriv blant anna The Korea Times.
Gruppa frå Sør-Korea har hatt pause i nesten fire år. Det er fordi medlemmane Jin, Suga, J-Hope, RM, Jimin, V og Jung Kook har vore i militæret, og dei har hatt soloprosjekt.

BTS: Gruppa har vunne mange prisar sidan dei starta opp i 2013. Her poserer dei med tre prisar dei vann på American Music Awards 21. november 2021. Foto: Jordan Strauss/Invision/AP, File/NTB
Etter albumsleppet skal BTS reise på ein verdsturne, men datoane og spelestadene er ikkje kjente enno.






