Dei villaste VM-historiene: Våpen, ein 13-åring på bana og ein fysioterapeut som svima av

Noreg er tilbake i fotball-VM og forventningane er enorme. Forfattarane bak «Den store boka om fotball-VM 2026» har samla nokre av dei mest utrulege historiene frå meisterskapen.

Janne Nerheim/Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er basert på eit intervju gjort av Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

– Den villaste historia er kanskje om fysioterapeuten som svima av då han skulle ut på grasmatta for å hjelpa ein skadd spelar. Han snubla og knuste ei flaske i legeveska si og gassane frå flaska knocka han rett ut!

Det fortel Aleksander Schau og Thomas Aune i ein e-post til Framtida Junior. Saman har dei skrive Den store boka om fotball-VM 2026. Der har dei to fotballprofilane samla alt du treng å vita om fotball-VM – frå spektakulære bilete og morosame topp 10-lister, til heilt sprø historier frå tidlegare meisterskap.

Aune trekker fram brasilianske Garrincha som den kulaste spelaren dei har skrive om i boka.

Manoel Francisco dos Santos (Garrincha), under fotball-VM i 1962. Foto: El Gráfico – El Gráfico n° 2233, Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

– Han var nemleg ein pussig type. I kampen mot England i 1962-VM kom det ein hund ut på banen og tissa på den engelske spissen Jimmy Greaves, og Garrincha tok like gjerne med seg hunden heim til Brasil etter VM.

Tidenes yngste spelar

Schau og Aune har tidlegare skrive fleire fotballbøker og leia program på radio og tv om fotball.

Sidan dei har jobba med fotball i ganske mange år, var det mykje dei visste om VM frå før, men noko overraska dei.

– Me sjekka litt om Martin Ødegaard var den aller yngste som nokosinne hadde spelt ein VM-kvalifiseringskamp. Han spelte nemleg ein kvalifiseringskamp då han var berre 15 år og 300 dagar, men det viste seg å vera EM-kvalifisering. Og så oppdaga me at det var ein som var MYKJE yngre uansett. I 2001 spelte nemleg Souleymane Mamam for Togo mot Zambia i VM-kvalifiseringa, og han var berre 13 år og 310 dagar gammal!

Legendariske meisterskap

Om han kunne reist tilbake til eitt VM i historia, hadde Schau valt VM i Mexico i 1986, og spesifikt kampen mellom Argentina og England.

– Dette er ein av dei mest legendariske fotballkampane i historia. Diego Maradona skårar to av dei mest berømte måla i VM-historia. Det eine målet slår han i mål med handa og det andre målet kjem etter at han spring 60 meter med ballen i beina medan han driblar halve det engelske laget på rumpa.

Aune synest det aller første verdsmeisterskapet i Uruguay i 1930 høyrest såpass vilt ut at han gjerne skulle sett korleis det var.

– Det var så dårleg stemning mellom Argentina og Uruguay i finalen, at dei måtte samla inn tusenvis av våpen frå folk på veg til stadion. Dommaren måtte ha ein båt han kunne flykta med ståande klar i hamna, i tilfelle tilskodarane kom til å angripa han. Det høyrest kanskje litt mykje ut, men det hadde vore gøy å oppleva.

Norsk håp

At dei to har skrive bok om VM i år, er ikkje tilfeldig.

– Me ville skriva VM-bok fordi endeleg klarte herrelandslaget det kvinnelandslaget har klart ørten gonger før: Nemleg å kvalifisera seg til VM!

Bokomslag: Cappelen Damm

At Noreg er med, for første gong sidan 1998, gjer VM i 2026 ekstra spanande for dei to fotballekspertane.

– Me har nokre av verdas aller beste fotballspelarar i norsk drakt, som Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard. Og så har me i tillegg utrulege spelarar som Julian Ryerson, Antonio Nusa, Sander Berge, Andreas Schjelderup, Oscar Bobb og Jørgen Strand Larsen med på laget.

– Kva trur de om sjansane våre i VM?

– Eg tippar at me går vidare frå gruppa og at me vinn første sluttspelkamp, spår Schau.

– Eg trur også det same. Det blir fort veldig gode lag Noreg skal møta etter gruppespelet, legg Aune til.

MIRAKELET I MARSEILLE: VM i 1998 er ein favoritt for Thomas Aune, fordi Noreg slo Brasil. Her jublar Kjetil Rekdal etter å ha scora 2-1-målet for Noreg på straffe. Vil vi få liknande jubelscener i år? Foto: Erik Johansen / NTB

Om du berre skal få med deg éin kamp i årets VM, tilrår Schau Noreg-Senegal, fordi det er «to veldig kule og fysiske lag».

– Den siste kampen til Noreg kan også vera eit godt alternativ, mot Frankrike. Den byrjar allereie klokka 21, det tidlegaste av dei norske gruppespelkampane. Og om me er skikkeleg heldige, så er Noreg allereie klare for sluttspelet, og me kan nesten slappa av. Det einaste som trekkjer ned er at Frankrike er veldig gode, og det er stor sjanse for at me taper.