Norsk app fronta av Apple

Dei har teke opp kampen med Instagram, Snapchat og Facebook. På fire veker har DeeMe passert 85.000 brukarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

– Me trur me har noko bra på gang, seier Rune Alver Nilsen.

Saman med broren Frode og to kollegaer har dei utvikla bildedelings-appen DeeMe.

Sidan dei lanserte app-en i slutten av mars, har dei no passert 85.000 nedlastingar. Mellom anna ved god hjelp av Apple. No vert deira app fronta hardt av gigantselskapet. Går du inn i App store ligg dei som den fyrste app-en du ser under Best new apps i 130 land.

– Å komma på den banneren der, er noko av det beste som kunne skjedd, seier ein nøgd Alver Nilsen til avisa Nordhordland.

Alver Nilsen seier det har gått veldig bra og veldig fort.

LES OGSÅ: Skal konkurrera med Snapchat

5000 nedlastingar på nokre timar
– Fortare enn me trudde, innrømmer han.

Han seier veksten deira er størst i Noreg, Litauen, Danmark, Polen og Tyskland.

– England har og byrja å komma etter, seier han.

27. april passerte dei 50.000 nedlastingar, dei passerte 80.000 nedlastingar onsdag denne veka.

– No passerer me snart 85.000 nedlastingar, seier han når han snakkar med avisa Nordhordland torsdag morgon.

Det var i Litauen dei fyrst slo gjennom, mellom anna etter mykje positiv omtale.

– App-en fall veldig i smak der og kom som nummer ein på app store der i løpet av nokre dagar. Sidan har det balla på seg, seier han.

No vil dei ha ein viral loop som får produktet til å voksa og på den måten få nye brukarar.

– Det er veldig bra aktivitet inne i app-en. Dei som lastar den ned, brukar den om igjen fleire gonger, seier han.

App-en er eit forsøk på å ta opp konkurransen med Instagram, Snapchat og Facebook.

LES OGSÅ: Ny app for mobilavhengige

Treng pengar
– Det er fullt mogleg å komma på høgd med Instagram i antall brukarar, meiner han.

Ein statistikk viser at Instagram har over 300 millionar brukarar. Den milepelen passerte dei i desember 2014. I oktober 2010 hadde dei berre 100.000 brukarar. Samstundes eksploderte interessa, og alt 21. desember same år passerte dei ein million brukarar. (Her kan du til dømes sjå avisa Nordhordland sin konto på Instagram)

Den neste målsetjinga til DeeMe er å nå så mange som sju-åtte millionar brukarar i april neste år.

Men for å få det til, krevst det pengar. Mykje pengar. Til no har dei brukt rundt ein million kroner av eiga lomme, samt ein million i støtte frå Innovasjon Norge.

– Me har dialog med ein del investorgrupper frå Sillicon Walley. Og denne veka er det ein del nye investorar som har kome på bana og som vil snakka vidare om samarbeid og investeringar, seier han.

Pengar er viktig for å driva vidare. Dei er per i dag åtte stykk som jobbar med app-en. I tillegg til dei fire gründerane, har dei tilsett fire programerarar i Litauen.

– Men me vil tilsetja fleire programerarar for å utvikla nye funksjonar i app-en, seier han.

På sikt er målet å tena pengar.

– Me har ein plan for korleis me skal tena pengar på dette i framtida, seier han løyndomsfullt.