David Attenborough er stemma bak mange av dei mest kjende naturdokumentarane i verda. | Foto: Joel C Ryan/Invision/AP, file
David Attenborough fyller 100 år
I trekvart hundreår har David Attenborough skildra naturverda på TV-skjermane våre og rokke å bli ei stemme kjend på tvers av generasjonar.
Hedda Aurdal
Publisert
I dag, fredag 8. mai, fyller David Attenborough heile hundre år. Fram til no har han vigd mesteparten av livet sitt til å vise fram naturen på TV.
Men kven er eigentleg denne briten, og korleis blei han stemma bak nokre av verdas største naturdokumentarar?
Kven er David Attenborough?
David Attenborough blei fødd 8. mai 1926 i Storbritannia. I 1947 gjorde han seg ferdig med ein grad i naturvitskap frå Clare College (University of Cambridge). På universitet fordjupa Attenborough seg i geologi og zoologi.
Han starta å jobbe for BBC som praktikant i 1952. Dei siste 70 åra har han vore stemma og drivkrafta bak fleire prisvinnande naturhistoriske program som Life on Earth, The Private Life of Plants og The Blue Planet.
Tidlegare har han òg vore leiar for BBC Two, ein kanal som opphavleg fokuserer på faktabaserte program. I 1965 sørgde han for at farga TV-kringkasting blei tilgjengeleg i Europa, då han slo dei tyske kringkastarane med tre veker.
I 1975 gav Attenborough seg som leiar i BBC for å fokusere på naturen igjen. Han drog til fleire plassar ingen moderne menneske hadde vore før, blei kjend med isolerte stammefolk og gav oss innblikk i korleis livet på jorda ser ut for dyra og plantene.
I 2026 produserer hundreåringen framleis program om planeten vi bur på.
Prins William (til venstre) og David Attenborough ser på dokumentaren Our Planet på eit møte i World Economic Forum i 2019. | Foto: AP Photo/Markus Schreiber
I løpet av sin karriere har Attenborough fanga nokre av naturen sine beste augeblikk på video.
Han har møtt på den sjeldne fjellgorillaen, sett verdas største blomstrande plante, som berre blomstrar i tre dagar kvar tusende dag, og oppdaga nye arter.
Over 20 arter er kalla opp etter Attenborough i dag.
Riddaren Attenborough
Naturhistorikaren har ikkje berre blitt slått til riddar éin gong, men to gonger.
Første gongen var i 1985. Då blei han slått til riddar av dronning Elizabeth II. Dermed fekk han tittelen sir.
37 år seinare blei Attenborough slått til riddar igjen. Denne gongen til Knight Grand Cross of the Order of St Michael and St George. Dette er ein høgtståande riddarorden som anerkjenner teneste i utlandet, eller teneste knytt til det britiske samveldet.
Attenborough blei adla for arbeidet sitt med TV-kringkasting og bevaring av naturen.
Attenborough med medaljane sine etter å ha vorte slått til riddar i 2022. | Foto: Jonathan Brady/Pool via AP
Ein forkjempar
Attenborough har tidlegare sagt at han ikkje produserte program for BBC med naturvern i tankane. Han ønskte berre å sjå korleis dyra og plantane på jorda lever liva sine.
Etter kvart såg Attenborough at habitata han filma var trua av klimaendringar. Sidan då har han vore ein aktiv forkjempar for bevaring av naturen.
Gjennom å vere ambassadør for WWF, kringkasting av naturprogram og ved å åtvare mot global oppvarming både på TV og talarstolar, har Attenborough sett fokus på konsekvensane av klimaendringar i over 70 år.
Håpet hans er at programma vil vere med på å overtyde fleire om at naturen er verd å ta vare på.
David Attenborough på FN-konferansen om klimaendringar, COP26, i 2021. | Foto: Yves Herman/Pool via AP
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.