Komikaren Javad El Bakali (32) har skrive ei vel overtydeleg bok, men ja takk til fleire date-referat som desse!

Hanna Marie Haug
Publisert

Eg sit på Nationaltheatret stasjon og ser fredagsrørsla. Det vil seie glade menneske som skal ein plass. Heim, på ferie, til nokon, frå nokon. På BIT spelar dei Optimist. Eg var positivt innstilt då eg starta på boka. Så blei eg litt mismodig undervegs. Til slutt vart eg tom, rørt og trist.

Eg får auge på nokre unge gutar som kastar ball, ein uvanleg aktivitet på togstasjonen. Eg kjem tilbake til det.

Lovande

Omslaget på boka er så anonymt som hovudpersonen ønskjer å vere. For Kamal Idrissi (29) prøver å vere som «dei andre». Han er ein tjueniåring i Oslo som slit med angst og depresjon. Han har ikkje jobb og bur i kommunal bustad på Sagene med andre som strevar.

Engstelig svarting

Forfattar: Javad El Bakali

Forlag: Kagge Forlag

Sidetal: 221

Utgjeve: Mai 2026

Sjanger: Roman

Så vert han forelska. Og kjærleiken har det med å gjere sitt med oss. Så lyg han til ho om alt for mykje.

Forfattaren på sin side er ikkje så anonym. Javad El Bakali er mannen bak kontoen utlending.memes på Instagram og TikTok og ein etablert komikar. I 2022 skreiv han si fyrste bok: Dette er nordmenn, ei satirisk forteljing om oppveksten på Haugenstua.

Lovande. Likevel er eg ikkje overmåte imponert.

Møter angsten på halvvegen

Boka vert til tider litt for overtydeleg. Det er ei styrke at vi får vere med på den indre reisa til hovudpersonen, og samstundes har det ein bakside. Her er det både «show and tell», som dei seier. Det gjer at boka vert litt masete. Klaginga til hovudkarakteren gjev meining, men slik det er skrive får eg ikkje puste så mykje.

Og sjølv om vi får eit innblikk i den indre reisa, når eg aldri heilt fram. Han sit ofte på sofaen som luktar sveitte og tenkjer. Men kva tenkjer han på? Vi møter angsten hans på halvvegen, men eg skulle gjerne fått stå ansikt til ansikt med han. Denne skuggen som er så skuldig.

Elles er boka, ikkje overraskande, morosam. Han skriv godt, som når han skriv at alle bygningane stirar stygt på hovudpersonen. Dessutan gjer det seg godt med avbrekk frå historia med sider vigde til meiningsutvekslingar og journalføringar.

Verda kunne vore betre

Eg likar persongalleriet. Det er ikkje for stort og ikkje for lite. Det blir  naturleg avgrensa av Kamals sosiale nettverk og dei vel to hundre sidene. Og Susanne er usannsynleg grei. Verda hadde vore betre om fleire var som ho. Òg ein plass kjem det overtydelege godt med: Om eg spør ein ven korleis daten gjekk, er det eit referat som dette eg vil ha. Ord for ord, sitat etter sitat, med eigne tankar undervegs. Dei fornøyelege dialogane er noko av det beste i boka.

Kasteball og offerrolla

Gutane i joggebukser på Nationaltheatret kastar ballen att og fram mellom seg. Det er ein fotball, men dei sparkar han ikkje. Kanskje dei har betre kontroll over han når dei bruker hendene?

Eg skulle gjerne visst endå meir om kva som skjer med Kamal, men eg trur kjenslene mine speglar kjenslene hans. Det ligg systemkritikk her, men hovudkarakteren har ikkje overskot til å kritisere. Han er ein kasteball, utan oversikt over kva som føregår. Vi seier vi ikkje vil gi folk offerroller, men kasteballar blir offer for system dei ikkje har kontroll over. System som skal hjelpe dei, og ofte gjer det – men han har nok med sine daglege kampar.

Eg sit igjen med kjensla av at eg har lese det før, eller i alle fall ting som liknar. Men eg har framleis godt av det, verkeleg. Og den slutten, då rant det nokre tårer, og eg måtte sjølv ringe ein ven.