«Menneskeliv er ikkje sløsing, FrP!»
Å avfeie bistand som uviktig er ikkje berre feil, men rett og slett flautt, skriv Ole Henrik Frostad (17) frå AUF.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Verda er fylt av krig, konflikt og aukande ulikskap. Sjølv om mange kanskje byrjar å bli lei av å høyre om det, er dette røynda vi no må forhalde oss til. Alt frå krigen på vårt eige kontinent, til den gløymde okkupasjonen av Vest-Sahara, og den alvorlege kollapsen i Sudan, er teikn på at verda endrar seg – og det til det verre. Likevel er det fleire og fleire som ser på bistand som sløsing.
Er det fordi dei ikkje ser kva bistand faktisk gjer?
I vinter kom det ein studie som slo fast at vi kan miste rundt 22 millionar menneskeliv innan 2030, som følgje av kutta våre vestlege allierte har gjort i bistand. Om ikkje høgresida merkar desse verknadene, vil titals millionar menneske verda over gjere det i staden.
Dette er ikkje berekraftig.
Må effektivisere FN
Skal vi handtere globale kriser, må fleire bidra med meir, og samarbeidet må bli sterkare. Eg trur vi må få ei betre fordeling av bistanden internasjonalt.
Her spelar FN ei avgjerande rolle. Men FN er i dag svakt og prega av handlingslamming og dårleg økonomi. Difor er det avgjerande å få på plass gode reformer som kan gjere organisasjonen i stand til å møte utfordringane i dag. Noreg er i ei gruppe land i FN som arbeider med nettopp dette.
Å effektivisere og endre fordelinga internt er den einaste måten FN kan kome seg på fote att. Eg meiner at når vi er i ein slik posisjon, der vi kan vere med og presse fram slike endringar, må vi bruke han.
Dødelege kutt
Noreg har ein stolt tradisjon som bistandsnasjon, heilt frå tida då vi sjølve var fattige. Tankane i arbeidarrørsla om solidaritet har i mange tiår lagt grunnlaget for dette – at bistand blir brukt som eit verkemiddel for fred, utvikling og stabilitet. Vi gir om lag éi krone av kvar hundrelapp vi tener til bistand, og har vore med på alt frå fredsmekling til global folkehelse. Eit godt døme er vaksinasjonsarbeidet starta av mellom andre AUF, som bidrog til etableringa av vaksinasjonsalliansen Gavi. Dette har redda om lag 20 millionar liv.
Likevel blir det laga debatt om bistand. Høgresida framstiller faktisk bistand som sløsing og bortkasta pengar. Det er heilt utruleg.
«Bistand er gong på gong avslørt som ineffektivt, dårleg dokumentert og i verste fall direkte skadeleg.» Dette er eit sitat frå FrPs Morten Wold.
«Direkte skadeleg», seier han. For dei som er avhengige av bistand, er det motsett. Kutt er det som er dødeleg.
Pengane kan brukast betre
Denne retorikken byggjer opp under ei førestilling om at bistand er pengar ut vindauget, og at Noreg ikkje har noko ansvar utanfor eigne grenser. Det er ei farleg utvikling. Ja, bistand må vere effektiv, og ja, vi må tole ein ærleg debatt om korleis pengane blir brukte. Men å avfeie bistand som uviktig er ikkje berre feil, men rett og slett flautt.
«Du må ikkje tåle så inderlig vel, den urett som ikkje rammer deg selv».
AUF meiner vi heller må sjå på korleis pengane kan brukast betre. Meir målretta bruk av pengane, strengare krav til resultat og mindre byråkrati er viktige grep. Å effektivisere bistanden handlar om å få meir att for kvar krone, slik at vi kan hjelpe fleire – ikkje kutte.
Noreg må halde fram
Målet med bistand er jo at vi til slutt ikkje skal trenge det. Men så lenge livet er eit lotteri, der fødestaden avgjer om ein får eit verdig liv eller ikkje, vil bistand framleis vere avgjerande for mange millionar menneske.
Difor meiner eg at Noreg må halde fram med å ta ansvar. For kvar hundrelapp vi tener, skal minst éi krone gå til land og menneske i naud. Det er solidaritet. Og det er sjeldan solidaritet trengst meir enn no.






