Søsterbrødrene – Å ta tilbake det som er borte
– Ein må verkeleg spørje seg sjølv kva ein skulle gjort i ein slik situasjon, skriv bokmeldar Herman Søberg.
Dessverre er krig eit svært relevant tema for dagens samfunn. Rundt oss er det støy, tårer og sinne: Det kan vere skummelt å leve i blant.
Søsterbrødrene handlar om nettopp krig, og ikkje minst kva ein krig hadde betydd for framtida til både verda og enkeltindividet.
Tredje verdskrig
«Søsterbrødrene»
Forfattar: Sara Johnsen
Forlag: Forlaget Oktober
Sidetal: 200
Utgjeve: mars 2026
Filmregissør og forfattar Sara Johnsen har skrive sin tredje roman etter å ha vore med på å produsere ei rekkje filmar. Ho er blant anna skaparen av NRK-serien 22. juli og har vunne fleire nominasjonar for filmar ho har vore med på å skrive og regissere. Til dømes vann ho Amanda-prisen for beste regi i Upperdog, og debuten Vinterkyss har vore Noreg sin Oscar-kandidat til beste framandspråklege film.
Denne romanen finn stad i ei fiksjonell verkelegheit der tredje verdskrig har brote ut. Storesøster Mika må ut i krigen, og når ho kjem tilbake har verda endra seg til noko skummelt og farleg. Veslesøster Lena og Mika må overleve i eit heilt ukjent landskap.
Korleis kan dei klare å ta tilbake det som var, når ingenting er igjen?
Å finne tilbake til fortida
Sjølve krigen blir skildra lite. Det er heller etterverknadane av krigen som blir teke opp. Det er veldig interessant korleis dei to søstrene finn eit samfunn, sjølv om det er heilt annleis enn samfunnet me kjenner til i dag. Ein må verkeleg spørje seg sjølv kva ein skulle gjort i ein slik situasjon.
Lena må lære seg å jakte og å overleve svolten. Sjølv om dei no får bruke masse tid i lag, er det ikkje alt i forholdet deira som stemmer, for dei veks og endrar seg, og dei er ikkje dei søstrene dei var før.
Dei har trass alt måtta bli brør oppi alt dette. Eg tolkar det som at dei måtte bli meir robuste og kjenslelause.
Ein kan trekkje linjer til livet generelt, som er eit konstant søk etter varmen og gleda me treng.
Kjærleik og seksualitet
Sjølv om hovudtematikken er krig, handlar romanen også mykje om kjærleik og seksualitet.
Etter krigen, når det ikkje finst skular, politikarar eller demokrati, blir sex og kjærleik redusert til det dyriske og ureine i mennesket. Det som me ikkje lenger kjenner til fordi me har normer og god undervisning i skulane. Sex blir igjen eit instinkt, og ikkje minst eit slags behov.
Plutseleg blir kjærleiken bestialsk og noko anna enn dei nokosinne har kjend før, og på grunn av dette, byrjar kjærleiken mellom søstrene å dimme bort. Plutseleg finn Mika andre å elske, og kjærleiken som berre var til Lena, blir delt med andre.

Roman på vers
Noko veldig interessant ved denne boka, er at ho er skriven som eit langt dikt. Det er vers med fire verselinjer, og det gjer at det er plass til mykje mindre tekst og ord enn i ein tradisjonell roman.
Eg synest verkeleg at det gjev sjarm til forteljinga, og på mange måtar kan det verke som om det er eit ønskjebrev frå Lena til Mika om å kunne finne tilbake kjærleiken dei hadde før krigen.
Likevel er det ganske vanskeleg å få inn den kompliserte og fargerike historia. Det blir ikkje tid til å forklare omstenda eller kjenslene. Alt blir veldig kort og overflatisk. Difor kan det bli litt meir tørt og enkelt enn eg skulle ønskje.
Enkel, men fullstendig
Med tanke på lengda, er dette ein veldig god og mektig roman. Det er masse rom til å lese mellom linjene, og det er sjølvsagt noko veldig fint med det òg.
Teksta er relevant til tida me lever i, men ho snakkar også om veldig mange tema som er spesielt passande for ungdom.
Det er absolutt ei bok verd å lese!






