Regjeringa i Sverige går inn for å senke den kriminelle lågalderen til 13 år
Trass sterk kritikk vil den svenske regjeringa senke lågalderen til 13 år for alvorlege brotsverk.
Regjeringa i Sverige går vidare med forslaget om å senke den kriminelle lågalderen til 13 år for dei grovaste lovbrota, som drap og grov valdtekt. Det skriv SVT. Det gjer dei trass i at forslaget har fått mykje kritikk.
Lovendringa vil tre i kraft frå 2. august. Då skal 13-åringar som gjer seg skuldige i brotsverk med ei minimumsstraff på fire år, kunne straffast med fengsel.
Akutt situasjon
Forslaget har fått mykje kritikk i Sverige, mellom anna frå ekspertane som skulle undersøkje om forslaget var ein god idé. Dei meiner mellom anna at det ikkje kan sameinast med FNs barnekonvensjon, der 14 er minste anbefalte lågalder.
Likevel har regjeringa sendt forslaget vidare til Riksdagen, som tilsvarar det norske Stortinget. Dei seier situasjonen i landet er så akutt at lovendringa står i forhold til situasjonen.
Regjeringa foreslår òg at det blir innført eit strafferabatt-system for lovbrytarar under 18 år.
Til dømes får ein 15-åring 40 prosent av ein vaksen si straff, og ein 13-åring får 10 prosent. Fordi det lengste ein kan bli fengsla i Sverige er 18 år, kan ein 13-åring ikkje straffast med meir enn to år i fengsel. Dette er likevel berre råd, og dommarane må ikkje følgje rabattsystemet.
Skal vurdere på nytt
Sveriges justisminister, Gunnar Strömmer, har tidlegare sagt at han trur domstolane kjem til å dømme mildare straffar enn fengsel, sjølv om drap og planlegging av drap vil føre til fengsel.
Senkinga er tidsavgrensa, og om det går igjennom vil Riksdagen måtte vurdere forslaget igjen om fem år for å forlenge det. Før det vil forslaget bli evaluert igjen, for å sjå kor effektivt det har vore.






