«Skammerens datter» med nynorsk tekst

Når den dansk-norske filmen «Skammerens datter» har premiere på kino kommande fredag, blir det med undertekstar på både nynorsk og bokmål.

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk tekst på kino

Takka vere den digitale filmdistribusjonen, kan dermed kinoane sjølve avgjere kva målform dei vil tekste framsyninga på.

LES OGSÅ: Jakob Oftebro meiner «Skammerens Dotter» er i same liga som Ringenes Herre

Det er Nordisk Film Distribusjon som no har sørgt for å omsetje filmen til både bokmål og nynorsk, ettersom den danske boka filmen byggjer på – «Skammerens datter» av Lene Kaaberbøl – er gitt ut på nynorsk i Noreg.

– Så vidt eg veit, er dette heilt nytt i Noreg. Det er ein flott sjanse for alle kinoar til å vise filmen med nynorsk teksting, seier leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø. (©NPK)

LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg