95 millionar til sykkelsatsting
Regjeringa har no fordelt 95 millionar kroner i tilskot til gang- og sykkelvegar i 23 kommunar og fylkeskommunar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Løyvinga er den første i den nye tilskotsordninga for gang- og sykkelvegar, som Statens vegvesen forvaltar på vegner av Samferdselsdepartementet.
I alt 59 kommunar og fylkeskommunar har søkt om pengar til i alt 110 ulike prosjekt. I ordninga har regjeringa ønskt å prioritere dei såkalla sykkelbyane.
I all hovudsak er det da også bykommunar som har fått støtte, og Bergen og Trondheim er blant dei som får mest i denne søknadsrunden, høvesvis 11,2 millionar og 15 millionar kroner. Vestfold fylkeskommune har elles fått til saman 15,6 millionar kroner til gang- og sykkelveg på fleire vegstrekningar i fylket. (©NPK)
LES OGSÅ: SV vil gje pengar til syklistar