Ungdommens kritikerpris:

Knausgård slo Fosse

Romanen Jeg var lenge død har ein hovudperson ein kan heie på, sjølv om han er snål og arrogant, ifølgje juryklassane til Ungdommens kritikerpris.

Åshild Slåen
Publisert

Karl Ove Knausgård vart i dag tildelt Ungdommens kritikerpris 2026 for romanen Jeg var lenge død. Den same romanen fekk også Kritikerprisen tidlegare i år.

– Boka skil seg ut på grunn av sin unike natur og jakta på svar. Bokas distinkte skrivemåte saman med utviklinga av hovudkarakteren gjer at denne boka treffer og at vi heng med frå start til slutt, skriv juryen ifølgje ei pressemelding frå Stiftelsen Lese.

Det er sju vidaregåandeklassar som har utgjort juryen. Dei har lese dei same bøkene som blir nominerte til Kritikerprisen.

– På vegner av forlaget og forfattaren vil eg seie tusen, tusen takk for Ungdommens kritikerpris. Kanskje den viktigaste prisen i Noreg, seier redaktør Kjersti Instefjord frå forlaget Oktober.

Ho tok imot prisen på vegner av Knausgård, som ikkje var til stades på utdelinga.

Årets nominerte var:

  • Jeg var lenge død av Karl Ove Knausgård
  • Vaim av Jon Fosse
  • Svalene sover på månen av Susanne Christensen